Tromsøysundtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsøysundtunnelen
Lengd3 500 meter[1]
Stigning8,3%[2]
Trafikk10 643 (2022)[3][4]
Opna1994
Kart
Tromsøysundtunnelen
69°40′27″N 19°00′32″E / 69.674194444444°N 19.008888888889°E / 69.674194444444; 19.008888888889
Inne i løpet mot Breivika (T2). 
Tunnelinnslaget på fastlandsida.

Tromsøysundtunnelen er ein undersjøisk vegtunnel på europaveg 8 i Tromsø kommune i Troms. Tunnelen går under Tromsøysundet mellom Tomasjorda på fastlandet og Breivika på Tromsøya. Tunnelen har to løp der T2 er 3500 og T1 er 3386 meter. Han når 102 meter under havet, og største stigning er 8,2 %. Tromsøysundtunnelen vart opna i 1994. Han gav betre trafikkapasitet over (under) Tromsøysundet etter at kapasiteten over Tromsøbrua vart for liten.

Tromsøysundtunnelen var Noregs einaste undersjøiske tunnel med to løp i 16 år før Knappetunnelen og Bjørvikatunnelen vart opna i 2010. Tunnelen har 15 tverrslag mellom løpa. Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Tromsøysundtunnelen.

I 2010 fekk tunnelen nye vegskilt med ljos i som viser fartsgrensene, dette vart gjort for å gjera det lettare å sjå dei sjølv gjennom alt sotet som legg seg på skilta.

I 2012 fekk tunnelen automatisk trafikkontroll (fotoboksar) med gjennomsnittsmåling.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bruer i området[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494 
  2. «Tromsøysundtunnelen». Nasjonal vegdatabank. 
  3. «Trafikkdata Ev8 Tromsøysundtunnelen T1». Statens vegvesen. 
  4. «Trafikkdata Ev8 Tromsøysundtunnelen T2». Statens vegvesen. 
  5. Første tunnel med gjennomsnittsmåling[daud lenkje]. Statens vegvesen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]