Tromsdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsdalen kyrkje
Ishavskatedralen
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø Domprosti
Sokn Tromsøysund
Fellesråd Tromsø
Stad Tromsdalen
Arkitekt Jan Inge Hovig
Material Plasstøypt armert betong
Innvigd 19. november 1965
Sitjeplassar 720
Kart
Tromsdalen kyrkje
69°38′53″N 18°59′15″E / 69.64807°N 18.9874°E / 69.64807; 18.9874
Wikimedia Commons: Ishavskatedralen

Tromsdalen kyrkje, òg kalla Ishavskatedralen, er ei kyrkje i Tromsøysund sokn i Tromsø domprosti.

Namnet Ishavskatedralen har kyrkja etter si karakteristiske form; forma og dei lyse felta gjev assosiasjonar til isfjell. Kyrkja, som vart vigsla i 1965, ligg på fastlandet utanfor ishavsbyen Tromsø, godt synleg frå Tromsøya, dei store bustadfelta i Tromsdalen, med båt, og med bil til eller frå byen.

Ishavskatedralen er både ein turistattraksjon og eit symbol og landemerke for Tromsø.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Interiør

Den første kyrkjeforeininga starta på 1920-talet arbeidet for å få reist ei kyrkje i Tromsøsundet. 7. november 1955 vedtok Tromsøysund formannskap at eigedommen «Sofiero» skulle bli kyrkjetomt. Ein plankomité bestemte at kyrkjebygget skulle gje plass til gravkapell og forsamlingssal. Sommaren 1957 kom det første planutkastet frå arkitekt Jan Inge Hovig. Revidert kyrkjeplan kom 8. februar 1960. Endeleg vedtak om bygging etter denne planen vart gjeve ved kgl. resolusjon 9. november 1962. Byggearbeida vart påbegynt 1. april 1964. Kyrkja vart vigsla av biskop Monrad Norderval den 19. desember 1965.

Frontpartiet mot vest er 35 meter høgt. På langsidene er taket bygd av betongskiver som strekkjer seg heilt ned til bakken og flatane er kledde med brennlakkerte, perlegrå aluminiumsplater. Lysrøyr ved vindauga kastar lys på flatene utvendig, samtidig som dei lyser opp inne i kyrkja.

Kyrkja har ei grunnflate på 900 kvm. med sitjeplass til 720 menneske. Kjellarplanet har ei grunnflate på 1020 kvm. Gravkapellet er bygd om til undervisningssal.

Orgelet[endre | endre wikiteksten]

Det nye orgelet med 3 manualar og 42 stemmer vart innvigd under 40-års jubileet for kyrkja 17. desember 2005. Det gamle orgelet frå 1965 var ikkje funksjonelt og heldt ikkje lenger moderne krav.

Soknerådet i Tromsøysund gav etter oppdraget om å lage eit nytt orgel til svenske Grønlund orgelbyggeri. Orgelet har eit moderne kombinasjonssystem, kapasitet inntil trestroken c, karakteristiske røyrstemmer, ein 32- fot i pedalen og ein fransk-symfonisk stil som gjer orgelet til eit attraktivt instrument, både under kyrkjelege handlingar og konsertar.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja og arkitekten vart heidra med arkitekturprisen Houens fonds diplom i 2015.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Houens Fonds Diplom for 2015 utdelt». Arkitektnytt. Henta 30. januar 2015.