Trond Arne Bredesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trond Arne Bredesen (fødd 4. februar 1967) frå Gran i Oppland er ein norsk, tidlegare kombinertrennar og skihoppar som vann verdscupen i kombinert i 1989. Under VM 1987 vann han sølv i den individuelle kombinerttevlinga, to år seinare vart han verdsmeister med Noregs tremannslag i Lahti og tok bronsen individuelt. Bredesen, som var medlem av Gran Idrettslag på Hadeland, vart noregsmeister i 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bredesen debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1986-sesongen med ein sjetteplass i Strbske Pleso. Vel ei veke etter han i 1987 vart nummer to i verdsmeisterskapen for juniorar, overraska han stort då han i verdsmeisterskapen i Oberstdorf kom i mål som tredjemann i kombinert-øvinga. Han vart tildelt bronsemedaljen, men etter meisterskapen vart den opphavlege sølvvinnaren, USA-amerikanske Kerry Lynch, diska på grunn av doping, og Bredesen fekk VM-sølvet. Bredesen vann også ein annan sølvmedalje i lagtevlinga i same meisterskapen, saman med Hallstein Bøgseth og Torbjørn Løkken.

På nyåret 1988 vann Bredesen i Le Brassus sitt fyrste renn i verdscupen. Under vinterolympiaden i Calgary gjekk han i mål til ein ellevteplass. 1989-sesongen vart hans beste sesong. Han vann tre av dei seks verdscuprenna han deltok i og vart vinnar av verdscup-pokalen. I VM i Lahti i 1989 tok han bronse i den individuelle øvinga og vann gullmedalje i lagtevlinga, saman med brørne Trond Einar og Bård Jørgen Elden.

Etter ein tredjeplass i St. Moritz i desember 1989, lukkast Bredesen ikkje å hevde seg heilt i toppen internasjonalt i kombinertøvinga. Derimot vann han i 1990 sitt einaste NM-gull, med over minutts margin til Trond Einar Elden på sølvplass og Knut Tore Apeland som fekk bronsen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Han la opp etter 1991-sesongen og er i 2012 busett på Skreia i Østre Toten.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]