Trond Bakkevig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Bakkevig

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1948 (75 år)
Oslo
Yrke prest, teolog
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Trond Bakkevig (fødd 22. november 1948) er dr.theol. og prest i Den norske kyrkja. Sidan våren 2000 har han vore prost i Vestre Aker prosti i Oslo.

Trond Bakkevig vart fødd i Oslo. Faren, Ludvig Johan Bakkevig, arbeidde som sivilingeniør innan vassdragsutbygging. I barneåra budde Trond Bakkevig derfor fleire stader i Noreg, og flest oppvekstår vart det i Asker. Han var ferdig utdanna teolog i 1974, som 25-åring. Ti år seinare tok han doktorgrad i teologi, med avhandlinga «Ordningsteologi og atomvåpen». Same år flytta han med kona, som han seinare vart fråskild, og dei to borna deira til ein tenestebustad på Røa. Han vart ordinert til prest i Oslo domkyrkje 21. juni 1982.

Sidan 1984 har han budd på Røa og ved Blindern i Oslo. Arbeidet hans har tidvis vore internasjonalt orientert. Blant anna var han generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd i nesten ni år (1984–1983), avbrote av halvtanna års virke (1987–1988) som personleg rådgjevar for utanriksministeren i den dåverande Ap-regjeringa – først for Knut Frydenlund, sidan for Thorvald Stoltenberg. Før det, frå 1979 til 1983, var han forskingsstipendiat under Norges almenvitenskapelige forskningsråd (NAVF).

Han har arbeidd i fleire av konfliktområda i verda. Ved sida av vervet som medlem i sentralkomitéen for Verdskyrkjerådet frå 1997 til 2006, har han òg hatt eit stort internasjonalt engasjement i område som Sør-Afrika, Midtausten og Balkan. Sidan 1996 har han arbeidd for å leggje til rette for samtalar mellom religiøse leiarar i Israel og Palestina. I dei tre åra Verdikommisjonen var aktiv, var Bakkevig medlem av rådet. Trond Bakkevig var leiar av eit utval oppnemnt av Kyrkjerådet som vurderte statskyrkjeordninga og la fram innstilling i mars 2002, det såkalla «Bakkevigutvalet». Tittelen var «Samme kirke – ny ordning». Han har også vore styreleiar for Institutt for menneskerettar ved Universitetet i Oslo.

Bakkevig vart 26. august 1996 utnemnd til «Canon» ved den anglikanske Cathedral of the Holy Cross i Gaborone i Botswana. «Canon» blir ofte brukt som ein ærestittel i Den anglikanske kyrkja. I dette tilfellet vart tittelen tildelt for arbeid og engasjement overfor situasjonen i det sørlege Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]