Trond Birkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trond Birkedal (fødd 22. mars 1980) er ein norsk tidlegare politikar (FrP) oppvaksen i Stavanger.

Han var formann i ungdomspartiet Framstegspartiets Ungdom (FpU) frå 2002 til 2008.

Birkedal tok økonomiske og administrative fag i vidaregåande skule, og byrja på jusstudium før han byrja å arbeidde med politikk på heiltid frå 1999. I 2006 vart han attvald som formann i FpU for den tredje perioden sin. Birkedal var òg politisk nestformann i Rogaland FrP fram til 2009. Birkedal sit i bystyret i Stavanger og i fylkestinget i Rogaland.

6. desember 2006 vart Trond Birkedal valt til ordførarkandidat i Stavanger FrP i ein opprivande nominasjonsprossess før kommunevalet 2007[1]. Etter at Birkedal vart nominert til ordførarkandidat, tok han ikkje gjenval som formann i FpU på landsmøtet i 2008. Han vart erstatta av Ove André Vanebo. Birkedal vart vald som medlem av sentralstyret i FrP på landsmøtet i 2009.

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • 2007-2011 Gruppeleiar Stavanger Frp
  • 2009-2011 Medlem av Frps sentralstyre og landsstyre
  • 2006-2011 Leiar av Frps oppvekst og skolepolitisk utval
  • 2006-2009 Pol. nestleiar i Rogaland Frp
  • 2002-2008 Formann i FpU
  • 2002-2007 Info. rådg. Stavanger Frps bystyregruppe
  • 2000-2002 1. nestformann i FpU
  • 1999-2000 Formann i Rogaland FpU
  • 1997-1999 Formann i Stavanger FpU
  • 1998-1999 Pol. nest, Rogaland FpU
  • 1998-1999 Studieleiar, Stavanger Frp
  • 1998-1999 Pol.nest i NGS Rogaland (Noregs Gymnasiastsamband)
  • 1999-2007 Nestleiar i Kommunalstyret for helse og sosial i Stavanger
  • 1999-2003 Medlem av helse og sosialutvalet i Rogaland
  • 1999- d.d Medlem av Rogaland fylkesting
  • 1999- d.d Medlem av opplæringsutvalet i Rogaland
  • 1999- d.d Medlem av inntaksnemda.
  • 1999- d.d Medlem av Stavanger Bystyre
  • 1999-2001 Fylkessekretær i Rogaland Frp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frp-bråk kysten rundt» av Anja W. Fremo på Aftenbladet.no (18.12.2006).