Trond Fausa Aurvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trond Fausa Aurvåg (fødd 2. desember 1972 i Fetsund) er ein norsk skodespelar og regissør. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole, og har spela på Oslo Nye Teater sidan 2001. Han er også kjend frå fleire fjernsynsproduksjonar, mellom andre Nissene på låvenTVNorge (2001). I tillegg hadde han mindre roller i filmane Budbringeren (1997), regissert av Pål Sletaune og 1732 Høtten (1998), regissert av Karin Julsrud.

Den fyrste hovudrolla hans var i Andreaskorset (2004), regissert av Martin Asphaug. I 2006 spela han hovudrolla i Den brysomme mannen, regissert av Jens Lien. Det året vann han årets Amanda-pris for Beste mannlege hovudrolle i Den brysomme mannen og Beste kortfilm for filmen sin, Alene menn sammen. Aurvåg spela også hovudrolla i filmatiseringa av Erlend Loe sin roman Tatt av kvinnen (2007). Våren 2008 var han aktuell som skodespelar i framsyninga Populærmusikk fra Vittula ved Christiania Teater.

Aurvåg har også spela i fleire kortfilmar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]