Trond Giske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trond Giske, August 2009
Foto: Fotogjengen ved Studentersamfundet i Trondhjem

Trond Giske (fødd 7. november 1966 i Trondheim) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han har vore leiar for AUF, vore stortingsrepresentant sidan 1997, og kyrkje- utdannings- og forskingsminister, kulturminister og har sidan 20. oktober 2009 vore nærings- og handelsminister i regjeringa Stoltenberg II.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Av utdanning er Trond Giske cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU. Han var leiar i Trondheim AUF i 1988, og leiar i Sør-Trøndelag AUF frå 1989 til 1990. I 1996 vart han medlem av sentralstyret i AUF, og der sat han fram til 1996, frå 1992 av som leiar. Frå 1992 til 1996 var han også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Det vart han igjen frå 2000, og sit endå.

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Frå 1999 av har han vore delegat til generalforsamlinga i FN. Han var også medlem i gruppestyret til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Giske var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet frå 2000 til 2001 i regjeringa Stoltenberg I.

Han var kulturminister i regjeringa Stoltenberg II i perioden 2005-2009. Då regjeringa vart omorganisiert etter valet i 2009, vart han frå 20. oktober 2009 nærings- og handelsminister

EU-saka[endre | endre wikiteksten]

I EU-striden var Giske ein av dei sentrale i Sosialdemokratar mot EU saman med Hallvard Bakke.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

I 2009 gav han ut boka Mangfold eller enfold – 21 stemmer om kultur i vår tid som tek for seg debatten om kulturelt mangfald.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Giske er sambuar og har ei dotter frå eit tidlegare sambuarskap.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trond Giske» hjå StjerneklartNRK.no (15.12.2008).