Trond Waage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Waage
Fødd14. februar 1953
NasjonalitetNoreg
OmrådeUNICEF
Yrkeembetsmann
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
VervBarneombod 1996-2004

Trond Waage (fødd 14. februar 1953) er ein norsk spesialpedagog. Sidan 2005 har han vore Senior Fellow ved UNICEF sitt internasjonale forskingssenter, UNICEF IRC i Firenze. Før dette var han barneombod.

Waage har embetseksamen i spesialpedagogikk (cand.paed.spec.) frå Universitetet i Oslo. Frå 1980 til 1990 var han leiar for TV-avdelinga ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo/Spesiallærarhøgskulen. I perioden 1987–1991 hadde han oppdrag for UNICEF i Kina og Nord-Korea. Vidare var han rådgjevar i International Council for Distance Education (ICDE) frå 1990 til 1992 og forskingskoordinator i Childwatch International, eit internasjonalt nettverk for barneforsking, i perioden 1992–1996. Deretter vart han utnemnd til barneombud, ei stilling han hadde i to åremålsperiodar, frå 1996 til 2004.

Waage har hatt mange verv, hovudsakleg knytt til rettane til born:

  • Leiar av utreiinga Det nasjonale kunnskapsnett (SOFF rapport 5, 1993).
  • Medlem av komiteen som evaluerte barneombudet i Noreg (NOU 1995:26).
  • Medlem av leiargruppa for European Network of Ombudsperson for Children (1997–2001), ein periode òg som leiar.
  • Programme Award Member of ChildNet International
  • Styremedlem i John Carew Foundation 2005–2006.
  • Medlem av hovudkomiteen for Helse- og Rehabiliterings Extra-midlar 1998-2004.
  • Styremedlem i Children and War Foundation 2000-2004.
  • Leiar av Bransjerådet for Apoteka 2006-2007.

Han har forska, publisert og forelese rundt temaa barndom i endring, moderne barndom, rettane til born og sjølvstendige menneskerettsinstitusjonar for born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]