Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trondheim
Våpen Kart
Komm.nr. 1601
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Trondheim
Areal 342 km²
Folketal 176 309 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Rita Ottervik (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.trondheim.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1601.svg
Trondheim på Commons

Trondheim, tidlegare Trondhjem (sørsamisk Råante), er ein by og kommune i Sør-Trøndelag fylke. I mellomalderen heitte byen Nidaros. Med omtrent 176 348 innbyggjarar (1. januar 2012) er han den tredje største byen i Noreg.

Byen har eit universitet, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, og Gråkallbanen, den einaste noverande trikkelinja i Noreg utanfor Oslo.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Trondheim

Tradisjonen seier at Olav Tryggvason grunnla byen i 997, men det er mykje som tyder på at det då allereie var ein tettstad på staden. Bygginga av Nidarosdomen tok til i 1070, over grava til Heilag-Olav, og kyrkja stod ferdig om lag 1320. Byen var hovudstad i Noreg mellom 1030 og 1217.

Trondheim har hatt fleire store bybrannar, den mest kjende er Hornemansbrannen den 19. april 1681. Etter denne brannen kom Johan Caspar von Cicignon frå Luxembourg for å laga ein ny plan for byen. Han braut heilt med den gamle bystrukturen frå mellomalderen og dreiv igjennom vide, rette gater for å hindra fleire slike storbrannar. Denne planen pregar framleis bybiletet. Dessverre var ikkje dette nok, husa var framleis av tre og tok like lett fyr. Ein ny brann i 1708 øydela heile sentrum i byen. Etter to storbrannar i 1841 og 1842 innførte bystyret murtvang, det vil seie at bygningane vart bygde i mur heller enn tre, og det vart slutt på store bybrannar.

[endre] Namn

Kaupang er eit gammalt namn på byen, men Nidaros er nok betre kjent. Dette norrøne namnet vart gjeve tilbake til byen 1. januar 1930, då han skifta namn frå Trondhjem. Etter ei bitter namnestrid vart han døypt om til Trondheim året etter. Mange innbyggjarar kallar han likevel framleis Trondhjem med lokal uttale.

[endre] Grenser

Opphavleg var Trondheim by området på byhalvøya, medan områda rundt høyrde til Strinda herad. Han vart utvida fleire gonger og fekk grensa han no har i 1964, då kommunane Strinda, Byneset, Leinstrand og Tiller blei slått saman til den nye kommunen Trondheim.

[endre] Venskapsbyar

[endre] Utdanning

[endre] Vidaregåande

Trondheim har i dag elleve vidaregåande skular. Den mest kjende er Trondheim katedralskole, som blei stifta i 1053 og er den eldste skulen i Noreg.

[endre] Høgskule

[endre] Universitet

NTNU er Noregs nest største universitet med rundt 20 000 studentar. NTNU blei oppretta i 1996 som ei vidareføring av Universitetet i Trondheim (UNIT). UNIT blei til i 1968 ved at Norges tekniske høgskole (NTH), Vitenskapsmuseet (VM) og Norges lærerhøgskole (NLHT) vart slått saman.

[endre] Kjende personar frå Trondheim kommune

[endre] Verd å vitja

[endre] Museum

[endre] Militære

Desse militæravdelingane finst i Trondheim:

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk