Tropisk bølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tropisk bølgje eller austleg bølgje er atmosfæriske tråg, eit langstrekt lågtrykksområde frå nord til sør, som flyttar seg frå aust til vest i tropane og skapar område med skya vêr og torevêr. Det kan òg oppstå bølgjer som går vestover i bakparten av frontsoner i subtropiske og tropiske område. Desse kan stundom òg verte kalla austlege bølgjer, men er ikkje i røynda tropiske bølgjer. Dei vert danna av omvendte tråg og deler mange av dei same eigenskapane som tropiske bølgjer. Alle tropiske bølgjer oppstår i den austlege luftstraumen på sørsida av ein subtropisk rygg eller eit belte med høgtrykk som ligg nord og sør for den intertropiske konvergenssonen (ITCZ). Tropiske bølgjer vert generelt ført vestover av dei austlege passatvindane i tropane og subtropane nær ekvator. Desse kan vere medverkande til utviklinga av tropiske syklonar i Nord-Atlanteren og nordaust i Stillehavet.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Ei tropisk bølgjer oppstår normalt etter eit område med fallande, særs tørr luft, som bles nordaustover. Etter å ha passert tråglinja, snur vinden søraustover og fukta stig brått. Dette destabiliserer atmosfæren, og medfører regnbyer og torevêr over store område, stundom særs kraftige torebyer. Når bølgja flyttar seg vestover forsvinn byene gradvis.

Eit unntak til dette er regn i Atlanterhavet. Stundom følgjer ei bølgje av tørr luft kalla saharisk luftlag etter ei tropisk bølgje og ein får eit skyfritt område, sidan konveksjon vert hindra av det tørre luftlaget. I tillegg vil støv i sahariske luftlag reflekterte sollys og avkjøle lufta under.

Atlanterhavet[endre | endre wikiteksten]

Danning av tropisk bølgje.

Tropiske bølgjer i Atlanterhavet utviklar seg frå forstyrringar som driv ut frå Afrika. Dei vert generert eller forsterka av den afrikanske austlege jetstraumen. Sirkulajon med klokka av store høgtrykkssceller eller antisyklonar nær Asorane driv dei austlege bølgjene bort frå kystområda av Afrika mot Nord-Amerika.

Om lag 60 % av tropiske syklonar i Atlanterhavet har opphavet sitt i tropiske bølgjer, medan om lag 85 % av intense orkanar i Atlanterhavet (Kategori 3 og større) utviklar seg frå tropiske bølgjer.[1][2]

Tropiske syklonar kan stundom verte svekka og igjen verte ei tropisk bølgje. Dette skjer normalt når vindskjeret i øvre nivå er for kraftig. Uvêret kan ta seg opp at om dette vindskjeret vert svekka igjen.

Om ei tropisk bølgje flyttar seg raskt, kan ho medføre kraftig vind med styrken til ein tropisk storm, men vert ikkje rekna som ein tropisk storm med mindre det vert danna ein lukka sirkulasjon. Eit døme på dette var orkanen Claudette i 2003, der den opphavlege bølgja hadde vindstyrke på 72 km/t før det vart utvikla sirkulasjon.

Det austlege Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

Det er foreslått at tropiske syklonar i det austlege Stillehavet òg vert danna av tropiske bølgjer som kjem frå Nord-Afrika.[1] I løpet av sommaren kan tropiske bølgjer strekkjer seg så langt nord som til ørkenområda sørvest i USA og produserer kraftige byer som ein del av monsunregimet her.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]