Trossachs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°13′52″ N 4°24′18″ W

Eit vatn i Trossachs

Trossachs (skotsk-gælisk Na Trosaichean) er ein liten skogkledd dal i Stirling i Skottland. Han ligg mellom Ben A'an i nord og Ben Venue i sør, med Loch Katrine i vest og Loch Achray i aust. Namnet vert ofte nytta om eit større område med dalar og bakkar, aust for Ben Lomond.

Området er ein del av Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trossachs