Trude Klecker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trude Klecker
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 7. februar 1926 (98 år)
Semmering
Yrke alpinist

Trude Klecker (fødd 7. februar 1926) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Semmering i Niederösterreich som vart verdsmeister i slalåm i 1954.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klecker vart nummer fire i storslalåm under vinterleikane 1952 i Oslo. Året etter var ho den beste kvinnelege alpinisten i Austerrike, vann alle tre tevlingane i Hahnenkamm-renna og alle dei fire øvingane i den austerrikske meisterskapen.

Vinteren 1954 vann Klecker slalåmrennet og kombinasjonen på Oppdal. To veker seinare tok ho sølvmedaljen i utforrennet under VM i alpine greiner 1954 i Åre, ein tidels sekund bakom Ida Schöpfer frå Sveits. Seinare i verdsmeisterskapen var Klecker overlegen best i slalåm-tevlinga og vann med over eitt sekund, med Ida Schöpfer på sølvplass og svenske Sara Thomasson fekk bronse.

I sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, enda Klecker på 12. plass i utfor. Ho la bort konkurranseskia i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Trude Klecker – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.