Trudi Canavan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trudi Canavan

Statsborgarskap Australia
Fødd 23. oktober 1969 (54 år)
Melbourne
Yrke grafisk designar, skribent, romanforfattar, science fiction-forfattar
Trudi Canavan på Commons

Trudi Canavan (fødd 23. oktober 1969) er ein australsk fantasyforfattar, mest kjend for bokserien «The Black Magician Trilogy».

Trudi Canavan vart fødd i Melbourne i Australia i 1969. Ho interesserte seg tidleg for litteratur, kunst og musikk. Av desse fann ho kunst som den mest sannsynlege greina å overleve på, så ho tok eit studium innan «Promotional Display» på Melbourne College of Decoration. Her fekk ho òg ein pris for beste karakter i kunstfag («Art Subjects») i 1988.

Hennar første jobb var hos Lonely Planet Publications, der ho jobba som designar, kartteiknar og illustratør. I 1995 byrja ho òg hos eit Australsk science fiction-blad, Aurealis. Same året starta ho eit eige frilansselskap med namnet «The Telltale Art». Her jobba Canavan med å tilby tenester som illustratør, grafisk designar og kartteiknar.

Det at ho fekk starta sitt eige firma gav Canavan sjansen til å begynne å skrive på deltid. Dette resulterte i at ho i 1999 fekk Aurealisprisen for beste fantasy-novelle. Same år fekk ho ein plass på Varuna Writers' Centre, der ho kunne begynne å bruke meir og meir av tida si til skriving.

I år 2001 kjøpte HarperCollins Australia hennar første trilogi, The Black Magician Trilogy, den første boka blei så utgitt november same år. Alle bøkene i denne trilogien kom inn på Australias Sci/Fi-bestseljarliste. I 2004 nådde «The Black Magician Trilogy» den internasjonale marknad, og er sett på som den mest vellykka debutserien innan fantasy.

Hennar andre bokserie, «Age of the Five» har òg selt seg inn på fleire bestseljarlister.

I 2006 byrja Canavan å jobbe med å skrive bøker som kronologisk ligg føre og etter «The Black Magician Trilogy».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]