Truls Aslesen Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Truls Aslesen Strand
Fødd9. september 1854
Død4. august 1905 (50 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Truls Aslesen Strand (9. september 18544. august 1905) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sigdal. Asle Madssen Strand var far hans, medan Reiulf Madssen Strand var ein farbror.

Strand overtok i 1893 ein gard i Krødsherad og dreiv denne til han døydde. Han var ei tid medlem av heradsstyret i Sigdal og formann i skulestyret. Elles var han med i forlikskommisjonen og var styreleiar i den lokale sparebanken. Då Krødsherad frå 1901 var skild til eige herad, vart Strand den fyrste ordføraren i heradet.

Strand var fjerde representant frå Buskeruds amt valbolken 1900-03, og deretter fyrste representant i den påfylgjande valperioden. Heile tida på tinget var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Grunna sjukdom vart han permittert 29. juli 1905, og seks dagar seinare døydde han i hovudstaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]