Truncus brachiocephalicus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsippskisse over aortas øvre del med fråførande kar. Pila viser blodstraumen frå hjartet. 1: aorta 2: truncus brachiocephalicus 3: arteria subclavia dextra 4: a. carotis communis dextra 5: a. carotis communis sinistra 6: a. subclavia sinistra.
I røynda ligg ikkje aortabogen og dei fråførande kara i same planet. Bogen går framanfrå og bakover mens kara er ordna frå side til side.

Truncus brachiocephalicus (tidlegare arteria anonyma) er ei pulsåre hos mennesket og den første store avgreininga frå hovudpulsåra. Han er kort, 4-5 cm hos vaksne, og delar seg i høgre arteria subclavia ut mot høgre arm og arteria carotis communis som går oppover halsen på høgre side. Det finst fleire normale variantar av dette arrangementet, som ikkje er patologiske. Ein arteria lusoria er ein variant som kan gje sjukdom.