Tryggevældesteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida av Tryggevældesteinen. Dei hola som er bora i steinen vart truleg laga for å flytte han etter at han vart funnen, og er soleis av nyare dato.
Baksida av runesteinen.

Tryggevældestenen er ein runestein som vart funnen i Tryggevælde i Faxe kommune i Danmark ikring 1550, og som no står på Nationalmuseet i København.

Runeinnskriften går i loddrette band som alle skal lesast nedanfrå og opp, og er omsett til moderne dansk slik: «Ragnhild, Ulfs søster, satte denne sten og gjorde denne høj og denne skib[s-sætning] efter Gunulf sin mand, den glammende mand, søn af Nærve. Få bliver nu født bedre end han. Han skal blive en ræte som ailti denne sten eller slæber den herfra.»

Steinens opphavlege plass er ukjend, men det finst opplysningar om at det har stått på eller attmed ein gravhaug (dansk: høj) i nærleiken som vert kalla Kejserhøjen eller ved Kongshøjen på kyrkjagarden ved Hårlev kyrkje. I innskrifta på steinen er det nemnd ei skipssetting, det vil seie to radar med stein forma som konturane av eit skip sett ovanfrå, og difor er det truleg at steinen har vore ein part i denne skipssettinga. Eit døme på at runesteinar kan gå inn i skipssettingar, er GlavendrupsteinenFyn, som òg er reist av den same Ranghild som har reist Tryggevældesteinen. Dei avsluttande forbanningsorda i innskrifta på Tryggevældesteinen er nesten dei same som på Glavendrupstenen. Meininga med verbet ailti er uklår, men kan ha noko å gjere med at steinen ikkje skal verte øydelagt. Kva ordet ræte tyder, er likeeins omdiskuteret, men har kan hende samanheng med dialektordet ræde, som tyder noko som skal skræme. Omtalen av den avlidne som få bliver nu født bedre end han er metrisk forma i stavrim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]