Tryggleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tryggleik syner til ein tilstand eller ei kjensle av fråvære av fare no og i framtida, for ein sjølv og eigen eigedom og for dei ein kjenner ansvar for, eller har medkjensle med.

Tryggleik kan i ein viss mon kjøpast i form av forsikringar i private forsikringsselskap, ved å leige vektar frå vaktselskap, bygga sikre hus og gjerde og så bortetter, eller kan ytast av offentlege instansar i form av gratis eller subsidiert og snøgg legehjelp og sjukehusopphald, uføre- og alderspensjonar, hjelp ved arbeidsløyse, gratis skulegang og anna opplæring, tilgang til rettsleg hjelp når eins rettar vert krenkte, snøgg hjelp frå politi, brannvern og andre bergingsinstansar når det er turvande osb.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.