Tryggve Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tryggve Andersen

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1866
Død

10. april 1920 (53 år)

Yrke Forfattar
Ektefelle Margrethe Schønberg
Regine Normann
Margarethe Edith Tichauer
Debut I cancelliraadens dage
Tryggve Andersen på Commons

Tryggve Andersen (27. september 186610. april 1920) var ein norsk forfattar.

Tryggve Andersen vart fødd på garden Velt-Kindli på Ringsaker som eitt av ti barn. Faren, Christen Andersen, var lensmann i Ringsaker. Mora var Antonette Andersdotter Krogvig. Faren var av handelsmannsslekt, mora av bondeslekt. Da Tryggve Andersen var ni år, fekk faren stilling som fut i Sunnhordland, og heile familien flytta dit. I 1878 byrja Tryggve på katedralskulen i Bergen, før familien i 1881 flytta attende til Hedmark, då faren fekk stilling som fut i Hamar.

Han vart student 1885, og ved sida av å studere filologi skreiv han lyrikk. Hans Digte, som først utkom 1898, skriv seg frå denne tida. I 1892 vart Tryggve Andersen bortvist frå universitetet for eitt år, og han vende aldri attende til universitetet. Tryggve Andersen vart skulda for å ha vore indirekte årsak til ein ung manns død ved å kritisere mannens romanprosjekt, for sidan å gå til sengs med venninna hans.

I 1895 publiserte han forteljinga Den døde mann. I 1896 hadde han manuskriptet til I Cancelliraadens Dage ferdig, og romanen kom ut året etter.

I 1898 gifta han seg med Margrethe Schønberg frå Kragerø. Dei fekk to søner, men Margrethe og den eldste sonen vart sjuke av tuberkulose. Sonen døydde først, og ho i 1901. I mars 1906 gifta han seg så med Regine Normann. Sommaren 1912 trefte Tryggve Andersen den 25 år yngre tyske forfattaren og Margarethe Edith Tichauer i Kristiania. I oktober 1913 vart Regine Normann og Tryggve Andersen skilde; då var Margrethe (Grete) Tichauer allereie gravid med hennar og Tryggve Andersens første barn.

Grete Tichauer og Tryggve Andersen budde eitt år i København før dei flytta til Kristiania i 1914. Frå 1914 til 1918 budde dei med to barn på Hvalstad i Asker, nære forfattarvenner som Arne Garborg, Johan Bojer og Ronald Fangen. I 1918 flytta familien til Hadeland. Han var tyngd av pengesorger og tuberkulose. Den 10. april 1920 døydde han på garden Sjo ved Systerkyrkjene i Gran.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • I cancelliraadens dage, Norli 1897
  • Digte, 1898
  • Mot Kvæld, 1900
  • Gamle folk, 1904
  • Bispesønnen og andre fortællinger, Aschehoug 1907
  • Hjemfærd, Aschehoug 1913
  • Fabler og hendelser, 1915
  • Samlede fortællinger, Aschehoug 1916

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]