Tryggve Gran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tryggve Gran i Antarktis 1911, som deltakar på Scotts sørpolekspedisjon

Jens Tryggve Herman Gran (20. januar 18888. januar 1980)[1] var ein norsk flygar, fotballspelar, polarforskar, og forfattar frå Bergen. Han er i dag særleg kjend for å vere den fyrste som flaug over Nordsjøen, sommaren 1914.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gran vart fødd i Bergen, der faren var skipsbyggmeister. 12. juli 1908 i Göteborg var han ytre venstre på det fyrste norske fotballandslaget.[2] Noreg møtte heimelaget Sverige og tapte 3-11. Klubbfotball spela han for Oslo-klubben Mercantile.

Gran var åra 1910-13 med på Scotts sørpolekspedisjon som ski-instruktør. Han var med i den patrulja som vart send ut for å leita etter Robert Falcon Scott og fylgjet hans. Til slutt vart Scott og mennene funne ihelfrosne.

Den 30. juli 1914 flaug Gran som den aller fyrste over Nordsjøen. På ferda trong han fire timar og til minuttar frå Cruden Bay i Skottland til Revtangen ved Orre i Klepp kommuneJæren med eit Blériot-fly. Hendinga fekk ikkje så stor merksemd, av di fyrste verdskrig braut ut samstundes. Nordsjøflyginga var ei bragd, på line med Louis Blériot si flyging over den engelske kanalen fire år tidlegare. Under verdskrigen deltok Gran som flygar i teneste for Storbritannia, og fekk grad av major.

Gran vart utnemnd til riddar av 2. klasse av St. Olavs Orden i 1915, men leverte utmerknaden tilbake i 1925.

Under andre verdskrigen var Tryggve Gran medlem i Nasjonal Samling[3]. Denne medlemskapen vart utnytta i nazipropagandaen. I 1944 vart det gitt ut eit frimerke, NK 325, til minne om nordsjøflyginga 30 år tidlegare. Som andre typiske nazifrimerke vart frimerket ugyldig til frankering frå 15. mai 1945. Frå 1. september 1981 vart dette og nokre andre frimerke i same kategori, atter gyldige til frankering.[4]

I 1971 vart eit minnesmerke over den fyrste Nordsjø-flyginga avduka i Cruden Bay. Også i Klepp kommune er det sett opp eit minnesmerke. Bleriot-flyet som Gran nytta under nordsjøflyginga er del av samlinga til Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Gran døydde i Grimstad i 1980.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • «Hvor sydlyset flammer» (1915)
  • «Under britisk flagg; krigen 1914-18» (1961)
  • «Første fly over Nordsjøen» (1964)
  • «Fra tjuagutt til sydpolfarer» (1974)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]