Trygve Bratteli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trygve Bratteli
Grava til Trygve og kona Randi Bratteli på Vestre gravlund i Oslo

Trygve Bratteli (11. januar 191020. november 1984) var ein norsk politikar som representerte Det norske Arbeidarpartiet.

Bratteli var fødd på Nøtterøy i Vestfold. Etter folkeskulen var han delvis arbeidslaus, delvis visargut til 1926, og han deltok på kvalfangst i åra 1926 til 1927. Han arbeidde som bygningsarbeidar i Vestfold fylke og hadde fleire tillitsverv i AUF i åra frå 1928 til 1933.

I 1934 var Bratteli redaktør av avisa Folkets Frihet i Kirkenes, og ei tid redaktør av Arbeiderungdommen, og sekretær i AUF til 1940. Han fungerte òg ei tid i 1940 som sekretær i Det norske Arbeidarpartiet.

I åra 1940-42 arbeidde Trygve Bratteli som tømmermann i Kristiansund.

Bratteli var aktiv motstandsarbeidar under den andre verdskrigen og vart arrestert av tyskarane i 1942. Han vart halden som Nacht und Nebel-fange i konsentrasjonsleirar frå 1943 til 1945, i Sachsenhausen ved Oranienburg nær Berlin og i Natzweiler i Elsass).

Etter krigen vart han formann i Forsvarskommisjonen av 1946. I mai 1950 vart han vald som stortingsrepresentant og var representant fram til 1981. Han var finansminister frå november 1951 til januar 1955, og frå desember 1956 til april 1960. Deretter var han samferdsleminister til januar 1964.

Han var formann i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe frå 1964 til 1971, frå 1972 til 1973, og frå 1976 til 1981. Bratteli var medlem av Nordisk Råd i fleire periodar som stortingsrepresentant. Han var òg formann for den norske delegasjonen og medlem av Nordisk Råds presidium frå 1965 til 1969. Han møtte som regjeringsrepresentant i Rådet i fleire periodar.

Han var statsminister frå 1971 men måtte gå av året etter då det vart fleirtal for nei-sida i Folkerøystinga om EF-medlemskap hausten 1972. Han vart igjen statsminister frå 1973 til 1976.

Bratteli har gjeve ut ei rad bøker, mellom desse kan nemnast Fange i natt og tåke (1980) som vart trykt i eit opplag på 180 000.

Venner Av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA) planta ein skog til hans minne i Israel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]