Trygve Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trygve Bull (13. august 190516. mars 1999) var ein norsk historikar, filolog og sosialistisk politikar frå Oslo. Han deltok i Mot Dag-gruppa. Under andre verdskrigen sat han i tysk fangenskap. Frå 1950-talet var han aktiv i norsk språkdebatt, der han stod på samnorsken si side, og var medlem av Språknemnda frå starten i 1952. Han møtte som fast stortingsrepresentant 1958-1964 og som vararepresentant 1964-1969 for Arbeidarpartiet. Han var ein engasjert EF-motstandar, og etter EF-avrøystinga valde han å gå ut av Arbeidarpartiet til fordel for Sosialistisk Valforbund, seinare Sosialistisk Venstreparti, der han var medlem av hovudstyret i perioden 1973-1975.

Kjelde: Bokmålswikipediaen om Trygve Bull