Trygve Gulbranssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Gulbranssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1894
Christiania
Død

10. oktober 1962 (68 år)
Eidsberg kommune

Yrke skribent, gründer, journalist, manusforfattar, bonde
Religion kristendom
Trygve Gulbranssen på Commons

Trygve Gulbranssen (fødd 15. juni 1894 i Kristiania, død 10. oktober 1962 i Eidsberg) var ein norsk forfattar, forretningsmann og journalist, døypt Trygve Emanuel Gulbrandsen.

Gulbranssen er kjend for å ha skrive Bjørndalstrilogien; Og bakom synger skogene (1933), Det blåser fra Dauingfjell (1934) og Ingen vei går utenom (1935). Bøkene vart tekne godt imot av både kritikarar og ikkje minst av lesarar. Dei er omsette til meir enn 30 språk og har selt i over 12 millionar eksemplar. På eit tidspunkt før krigen førte trilogien han opp på fjerdeplass i verdsstatistikken over flest selte bøker. Med dei amerikanske omsetjingane opplevde han som einaste skandinaviske skjønnlitterære forfattar å få bøker oppført i «A list of books chosen for the White House»; ei rad bøker vald ut av amerikanske forleggarar og trykkjeri og overrakt Det kvite huset for å gje presidenten eit bibliotek med den beste samtidslitteraturen.[1]

Han var au kjend som idrettsjournalist og skreiv først og fremst for bladet Idrætsliv, som han dreiv saman med P. Chr. Andersen og Einar Staff. Mange av dei mest kjende og typiske artiklane skreiv han som korrespondent for Idrætsliv og Aftenposten under Sommar-OL i åra mellom 1920 og 1936. Friidretten stod han nærmast og som idrettsadministrator fremja han sporten gjennom mange år. Han blir dessuten rekna for å ha ført orienteringssporten til Noreg, saman med Nils Dahl.[2]

Gulbranssens eigentlege levebrød var som tobakksgrossist; saman med sine kompanjongar importerte han tobakk, sigarar, sigarettar, piper og liknande. Og engrosfirmaet vart det største i sitt slag i Noreg under leiinga hans.[3] Han var ein vel akta og respektert forretningsmann både innanfor og utanfor Noregs grenser, og gjennom ei rad forretningsreiser rundt omkring i Europa skaffa han seg mange personlege venner som han heldt på livet ut.

I 1940 flytta Gulbranssen med familien til eit gardsbruk i Eidsberg. Her realiserte han bondedraumen, og til tross for at han sjølv ikkje tok del i dei daglege fysiske gjeremåla la han ned mykje arbeid og planlegging i gardsdrifta. Han var innflyttar, men isolerte seg ikkje på garden, og hadde eit godt forhold til naboar og andre. I 1955 var han au med på å starte Mysen Rotaryklubb, der han deltok aktivt og var chartermedlem fram til han døydde i 1962[4].

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Og bakom synger skogene, Aschehoug, 1933
  • Det blåser fra Dauingfjell, Aschehoug, 1934
  • Ingen vei går utenom, Aschehoug, 1935

Noveller og fortellingar[endre | endre wikiteksten]

  • Prestebud av Bjørndals saga, Aftenposten, 24. desember 1921
  • Da Gammel-Dag var blitt veik, Nationen, 21. desember 1933
  • Den sorte port, Aftenposten, 24. desember 1936.

I tillegg ei rad artiklar i Idrætsliv, 1916-1930. Han skreiv au om Idrættens ansvar i Idrætsboken.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Trygve Gulbranssen
Vidare lesing
  • Tore Stubberud (1984). Et værelse i natten - en roman om Trygve Gulbranssen. Oslo: Aventura.