Trygve Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trygve Lie

Trygve Halvdan Lie (16. juli 189630. desember 1968) var ein norsk politikar. Frå 1946 til 1952 tente han som den fyrste valde generalsekretæren for Dei sameinte nasjonane. Han var i ein periode partisekretær i Arbeidarpartiet, i tillegg til at han hadde ulike regjeringspostar opp gjennom karrieren.

Den internasjonale politiske erfaringa han fekk, både som utanriksminister i eksil i London og som generalsekretær i SN, var uvanleg for norske politikarar på den tida.

Barndom, oppsvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Lie vart fødd i Oslo (då Kristiania) 16. juli 1896. Far hans, Martin, forlét familien for å arbeide som snikkar i USA og mora Hulda dreiv eit vertshus. Lie vart med i Arbeidarpartiet i 1911 og vart utnemnd til partisekretær kort etter å ha vorte cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1919. Lie gifta seg med Hjørdis Jørgensen i 1921. Paret fekk tre døtrer: Sissel, Guri og Mette.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Lie var sekretær i Arbeidarpartiet frå 1919 til 1922 og etter dette juridisk konsulent for Arbeidernes faglige Landsorganisasjon (det seinare LO) fram til 1935. Frå 1935 til hausten 1939 var Lie justisminister, og frå 1. oktober 1939 handelsminister og forsyningsminister i Nygaardsvoldregjeringa.

Lie var ein tidleg tilhengjar av oktoberrevolusjonen i Russland, og møtte Vladimir Lenin. Han tillét òg Lev Trotskij å busetje seg i Noreg då han vart sendt i eksil frå Sovjetunionen. Det ryktast at Lie gav etter for press frå Josef Stalin sitt ynske om å få Trotskij sett i husarrest, sjølv om dette korkje kan stadfestast eller avkreftast. Seinare nekta Lie Trotskij å forlate Noreg etter at Trotskij hadde brote løftet sitt om ikkje å drive med politisk verksemd medan han var i Noreg.

Krigen og eksilregjeringa[endre | endre wikiteksten]

I 1940 gav Lie ordre om at alle norske skip skulle sigle til allierte hamner då Tyskland invaderte Noreg. Han overtok posten som utanriksminister i november 1940, då Halvdan Koht vart tvungen til å gå av, formelt frå 21. februar 1941. Då sat regjeringa i London, den såkalla Londonregjeringa. Forsvarsminister Oscar Torp og Lie representerte tyngdepunkt i eksilregjeringa. Med diplomatisk dugleik og handlekraft gjorde Lie sitt til å styrkje Noreg si stilling i høve til dei allierte under andre verdskrigen. Lie sitt tilhøve til statsminister Johan Nygaardsvold var ikkje prega av full tillit. Nygaardsvold såg Lie sin energiske innsats, men kunne trekkja lojaliteten hans i tvil. Lie var utanriksminister fram til 1946.

Lie leidde den norske delegasjonen til SN-konferansen i San Francisco i 1946 og hadde ei viktig rolle i å skape provisjonane for Tryggingsrådet. Han leidde òg den norske delegasjonen til den fyrste generalforsamlinga for SN same året.

Generalsekretærperioden[endre | endre wikiteksten]

1. februar 1946 vart han valt som fyrste generalsekretær for SN, som eit kompromiss mellom dei sentrale grunnleggingsnasjonane. Lie var ansvarleg for å sikre ei tomt til SN sitt hovudkvarter i samarbeid med John D. Rockefeller jr.

Som generalsekretær støtta Lie grunnlegginga av Indonesia og Israel. Han arbeidde for at sovjetiske troppar skulle trekkjast ut or Iran, og for våpenkvile i Kashmir. Sovjetunionen uttrykte misnøye med Lie då han hjelpte til med å skaffe støtte til Sør-Korea då dei vart invaderte i 1950. Lie arbeidde òg for at Sovjetunionen skulle avbryte boikottinga si av SN, sjølv om han truleg hadde lite å gjere med at boikotten vart avslutta. Han motsette seg spansk medlemskap i SN grunna personleg motstand mot Francoregimet. Han arbeidde òg for at Folkerepublikken Kina skulle anerkjennast som medlem av SN etter at nasjonalistregjeringa gjekk i eksil på Taiwan. Han meinte at Folkerepublikken Kina var dei einaste som kunne oppfylle Kina sine obligasjonar fullt ut.

Lie har vorte kritisert for å ikkje ha bidratt til forhandlingar under Berlinblokaden, og for ikkje å ha makta å avslutte Koreakrigen snarare. Han har òg fått kritikk for å vere arrogant og sta.

Trass i protestar frå Sovjetunionen, vart Lie sin periode forlenga i 1950, då USA nedla veto mot alle andre moglege kandidatar, og Sovjetunionen nekta å godta at Lie fekk ein periode til, grunna i Lie si rolle i Koreakrigen. Sovjetunionen nekta å erkjenne han som generalsekretær i den andre perioden hans, og etter skuldingar frå Joseph McCarthy for å ha hyra «illojale» amerikanarar, trekte Lie seg som generalsekretær 10. november 1952.

Seinare politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Trygve Lie var fylkesmann i Oslo og Akershus frå 1955 til 1963, då han kom tilbake til politikken, som industriminister frå 1963 til 1964, og som handelsminister frå 1964 til 1965.

Sjølv om han aldri vart nokon populær politikar, vart han respektert og hadde eit godt omdøme som pragmatisk og effektiv.

Trygve Lie vart tildelt ei lang rekkje norske og utanlandske ordenar, m.a. Medaljen for borgardåd i 1966, storkrossen av Dannebrogsordenen i 1954 og storkrossen av St. Olavs Orden i 1953.

Lie døydde 30. desember 1968 av hjartesvikt, 72 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]