Trygve Slagsvold Vedum
Trygve Magnus Slagsvold Vedum (fødd 1. desember 1978 i Hamar) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Hedmark i 2005 og valt på nytt i 2009. På landsmøtet i mars 2009 vart han valt til 2. nestleiar av Senterpartiet. Han var leiar av Senterungdomen frå 2002 til 2004, og med dette møtte han fast i Senterpartiet sitt sentralstyre.
Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet valte 16. september 2009 Vedum til parlamentarisk leiar. 18. juni 2012 vart han utnemnd til landbruks- og matministeren i regjeringa Stoltenberg II.
Han er utdanna agronom; samt bachelor med sosiologi og statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Vedum driv eigen gard på Ilseng i Stange. Han arbeidde i Senterpartiet som organisasjonsrådgivar 2004-05.
Han var leiar for Senterungdomen 2002-04, og har sete i fylkestinget i Hedmark 1999-2005.
Stortingskomitear [endre]
- 2005–2009 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen
- 2009–2013 medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar Anne Beathe Kristiansen |
Leiar i Senterungdommen 2002–2004 |
Etterfylgjar Erlend Fuglum |
| Føregjengar Rune J. Skjælaaen |
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet 2009– |
Etterfylgjar — |
| Norske landbruksministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Einar Frogner (1945) · Kristian Fjeld (1945-51) · Olav Oksvik (1947-48) · Rasmus Nordbø (1951-55) · Olav Meisdalshagen (1955-56) · Harald Løbak (1956-60) · Einar Wøhni (1960-63) · Hans Borgen (1963) · Leif Granli (1963-65) · Bjarne Lyngstad (1965-70) · Hallvard Eika (1970-71) · Thorstein Treholt (1971-72) · Einar Moxnes (1972-73) · Thorstein Treholt (1973-76) · Oskar Øksnes (1976-81) · Johan C. Løken (1981-83) · Finn T. Isaksen (1983-85) · Svein Sundsbø (1985-86) · Gunhild Øyangen (1986-89) · Anne Vik (1989-90) · Gunhild Øyangen (1990-96) · Dag Terje Andersen (1996-97) · Kåre Gjønnes (1997-2000) · Bjarne Håkon Hanssen (2000-01) · Lars Sponheim (2001-05) · Terje Riis-Johansen (2005-08) · Lars Peder Brekk (2008-12) · Trygve Slagsvold Vedum (2012-) |