Fonologisk trykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trykkveik)

Trykk blir i lingvistikken definert relativt: I ei ordform med fleire enn ei staving, vil ei av stavingane stå fram som meir prominent, eller meir tydeleg for øyret, enn dei andre stavingane. Denne stavinga har trykk. Ei trykkveik staving, som den andre stavinga i det norske ordet staving [²stɑːʋɪŋ], blir uttala utan trykk. Ei trykksterk staving, som den fyrste stavinga i det norske ordet staving [²stɑːʋɪŋ], blir uttala med trykk.

Den konkrete fonetiske måten trykk blir realisert på varierer frå språk til språk, i nokre språk har trykksterke stavingar større intensitet, eller sterkare lyd (meir desibel), mens dei i andre språk har høgare tone (høgare grunnfrekvens), eller mindre redusert vokal, eller lengre staving. Talarar har som regel klåre intuisjonar om kva staving som får trykk og kva som ikkje får det, så sjølv om det kan vere vanskeleg å finne den konkrete fonetiske måten trykk blir realisert på, er det lett å finne trykket.

Trykksystem[endre | endre wikiteksten]

Språka i vera kan delast inn i grupper, alt etter kva trykksystem dei har. Trykksystemet kan bli bestemt etter kva verdiar språket har for eit lite sett parameter. Før vi går inn på dei ulike parametra, deler vi stavingar inn i føtter. Ein sekvens av stavingar kan delast inn i grupper på ei og ei, to og to, eller tre og tre, slik at kvar gruppe inneheld ei staving med trykk. Verdas trykksystem fell dermed inn under ei av desse typane:

  • Den prominente stavinga i foten («hovudet i foten(!)») står til venstre/til høgre i foten
  • Trykk blir rekna frå venstre mot høgre/frå høgre mot venstre

Det vanlegaste av alle trykksystem vel det første alternativet i begge tilfella. Eit døme er finsk, og resultatet er at høvudtrykket alltid fell på den første stavinga (stavinga til venstre). Det finske ordet Kalevala består av to føtter, med to stavingar i kvar: (ka-le)(va-la). Trykket fell på den første stavinga i den første foten, og bitrykket fell på den første stavinga i kvar ikkje-initiale fot. Viss trykket i staden blir rekna frå høgre mot venstre, får vi hovudregelen i det latinske systemet, med trykk på nest siste staving. Det omvende valet vil gje hovudtrykk på andre staving i ordforma (på den første foten, men på den andre stavinga i foten). Det siste valet i begge tilfella vil gje trykk på siste staving, som i mange tyrkiske språk.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.