Trym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg elva Trym
Trym sin bryllaupsfest. Illustrasjon til Trymskvida av W.G. Collingwood.

Trym (norrønt Þrym) er ein jotun frå norrøn mytologi. Han er kjend frå soga om korleis han stal torshammaren Mjolne og kravde Frøya som kone for at æsene skulle få hammaren att. Soga er fortald i Trymskvida i Den eldre Edda. For å få hammaren attende kler Tor seg som Frøya, i kvinneklede, møter til bryllaupsfeiring og drep både Trym og familien hans.

Hversu Noregr byggdist oppgjev Värmland som området Trym herska over.

Trym som namn[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1950-talet har Trym vore brukt som norsk mannsnamn. Trym har namnedag den 9. september. Bruken voks kraftig på 1990-talet, og nådde 0,5 % på 2000-talet. I 2009 var det 2 140 norske menn som heitte Trym. Utanfor Noreg er det lite kjend.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Trymfeltet er namnet på eit norsk petroleumsfelt sør i Nordsjøen.

Saturnmånen Saturn XXX har fått namnet Thrymr etter denne jotunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]