Trymskvida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loke i lufta. Illustrasjon av W.G. Collingwood.

Trymskvida (norrønt Þrymskviða) er eit eddadikt som skildrar den morosame soga om jotunen Trym som stel hamaren Mjølner frå guden Tor, og om korleis Tor får hamaren attende. Forskarane er ikkje einige om kor gammalt diktet er. Nokre trur at det er ein ung kristen parodi på dei gamle gudane.

Samandrag

Tor vaknar ein dag og finn ikkje Mjølner. Han ber Loke å finna ut kven som har stole han. Loke flyg til Jotunheimen og finn jotunen Trym. Trym seier at han har stole Tor sin hamar og:

«Hann engi maðr
aftr of heimtir,
nema færi mér
Freyju at kvæn.»
«Ingen honom
att fær heimta
utan han fører meg
Frøya til viv.»
Loke og Tor hjå Frøya. Illustrasjon av Lorenz Frølich.

Gudane talar med Frøya og får vita at ho aldeles ikkje vil gifta seg med Trym. Dei held da møte til å finna ut korleis dei kan hitta hammaren. Heimdall har eit forslag:

Tor er kledd som ei brur og Loke som ei terne. Illustrasjon av Carl Larsson/Gunnar Forssell
«Bindum vér Þór þá
brúðar líni,
hafi hann it mikla
men Brísinga.
Látum und hánum
hrynja lukla
ok kvenváðir
um kné falla,
en á brjósti
breiða steina
ok hagliga
um höfuð typpum.»
«Binde me um Tor
brure-linet,
bere han bjarte
brisinga-men.
Late um honom
lyklar ringle
og kvende-klæde
um kne falle;
på brjostet setje me
breie steinar,
og hagleg binde me
hovud-toppen.»

Kledd som Frøya fer Tor no til Jotunheimen med Loke kledd som ei terne. Trym held bryllaup med forkunnmat og Tor et umåteleg mykje. Trym vert mistenksam men Loke gjev han ei forklaring som han går med på:

«Át vætr Freyja
átta nóttum,
svá var hon óðfús
í Jötunheima.»
«Frøya åt inkje
åtte næter,
so ovhuga var ho
til Jotunheimen.»
Tor drep Trym. Illustrasjon av Lorenz Frølich.

Seinst lèt Trym bera inn Mjølner til å vigja brura. Då Tor kjenner hamaren sin drep han Trym og all hans ætt.

Torsvisa

Soga om Tor si brureferd har vore folkekjær i Norden gjennom tida. Om lag 1400 var rímur-diktet Þrymlur skapa i Island, det skildrar den same soga som Trymskvida. Noko seinare vart truleg den fyrste Torsvisa dikta i Noreg og sidan breidde ho seg ut til Sverige og Danmark. I ei norsk oppskrift frå kring 1750 lyder den fyrste strofa slik:

Torekall kom seg av skogen heim,
trøytte var han og mode;
tjuvann hev stoli burt hamaren hans,
han visste kje kven det gjorde.
Torekall tøymer no folen sin med taumom.

Bakgrunnsstoff