Trysfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trysfjorden mot sør. Garden Holmen i framgrunnen. Trollneset og Skarpeid bru midt på biletet.

Trysfjorden er ein smal fjord i Kristiansand kommune. Han har innløp ved den vestlege enden av Hundsøyfjorden og strekkjer seg om lag 7 km nord-nordvestover mellom tettstadane Ålo på vestsida og Selskjer.

Fjorden er forholsvis smal og er på det smalaste ved Skarpeid, der han er om lag 80 meter brei. Her kryssar Skarpeid bro fjorden. Før denne brua stod ferdig i 1963 brukte ein trekkferje over sundet. Vidare strekkjer Trolleneset seg nordover på austsida av fjorden. Ved enden av Trolleneset går Søylekilen, som og vert kalla Neverkilen, om lag 1,5 km søraustover på andre sida av neset. Trysfjorden held fram nordover til Fidje. Austsida av den inste delen av fjorden stig bratt opp til Holmensheia på 172 meter over havet. Mellom denne åsen og fjorden går Europaveg 39.

Før det kom veg under Holmenheia var det ferje over Trysfjorden. Frå 1770 til 1923 var det trekkferje mellom Holmen og Ospedalen. Ferja vart dregen med med handemakt etter eit tau som gjekk over fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]