Tschingelhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tschingelhorn
fjell
Tschingelhorn (i midten, bak) og Wetterhorn (til høgre)
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 562 moh.
Primærfaktor 388 m
Koordinatar 46°28′43″N 7°50′54″E / 46.478747°N 7.848208°E / 46.478747; 7.848208
Lettast tilkomst Sørlege fjellkløft (F)
Førstestiging Heinrich Feuz
 - dato 6. september 1865
Kart
Tschingelhorn
46°28′43″N 7°50′53″E / 46.478694444444°N 7.8481944444444°E / 46.478694444444; 7.8481944444444
Wikimedia Commons: Tschingelhorn

Tschingelhorn (3562 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Kantongrensa mellom Bern og Valais går over fjelltoppen. Fjellet er elles med i verdsarvområdet som vart oppretta kring Jungfrau og Aletschgletscher.

Heinrich Feuz, W. H. Hawker, Christian Lauener og Ulrich Lauener var dei første som nådde toppen av fjellet, den 6. september 1865.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Briten W.A.B. Coolidge sin hund Tschingel, som elles var ei gåve til Coolidge frå den sveitsiske fjellføraren Christian Almer, var oppkalla etter fjellet Tschingelhorn. Hunden, ei tispe, var med på elleve fyrstebestigingar i Alpane og gjennomførte 66 såkalla grandes courses, storturar. Hunden vart føreslått til æresmedlem av Alpine Club, noko som vart avvist med tilvising til kjønn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tschingelhorn