Tsjad
| République du Tchad جمهورية تشاد (Jumhūriyyat Tshād) (norsk: Tsjad, tsjadisk) |
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
| Nasjonalsong | «La Tchadienne» | ||||||
| Motto | Unité - Travail - Progres ('Semje - Arbeid - Framsteg') | ||||||
![]() |
|||||||
| Offisielle språk | Fransk og arabisk | ||||||
| Hovudstad | N'Djamena | ||||||
| Styresett |
Republikk Idriss Déby Djimrangar Dadnadji |
||||||
| Flatevidd – Totalt |
1 284 000 km² (20.) |
||||||
| Folketal – Estimert (2012) – Tettleik |
10 975 648 (75.) 8,5 /km² |
||||||
| Sjølvstende frå Frankrike |
11. august 1960 | ||||||
| Nasjonaldag | 11. august | ||||||
| BNP – Totalt (2010) – Per innbyggjar |
18 560 mill. USD (126.) 1 800 USD (161.) |
||||||
| Valuta | CFA-franc (XOF) | ||||||
| Tidssone | UTC +1 | ||||||
| Telefonkode | +235 | ||||||
| Toppnivådomene | .td
|
||||||
Republikken Tsjad (fransk Tchad) er ein republikk i Sentral-Afrika. Den nordre delen av Tsjad ligg i Saharaørkenen. Her ligg Tibestifjella, den største fjellkjeda i ørkenen. Landet var tidlegare del av Fransk Ekvatorialguinea, men har fått sitt noverande namn etter Tsjad-sjøen.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Under mellomalderen vart Tsjad ein møtestad for muslimske handelsfolk og mange subsahariske stammar. Frankrike gjorde landet til koloni i 1891.
Etter sjølvstendet frå Frankrike i 1960 braut det ut ein revolusjon i 1965 i den muslimske nordre delen av landet, forårsaka av høge skattar. Denne borgarkrigen tok ikkje slutt før 1996, då ei ny grunnlov vart vedteken, og den sitjande presidenten Idriss Déby vart gjenvald.
Geografi [endre]
Tsjad har ingen kyst mot havet. Landet har fire klimasonar: Store tørre sletter midt i landet, ørken i nord, tørt bergområde i nordvest og eit tropiskt lågland i sør. Tsjadsjøen, som er ein veldig grunn sjø, er Afrika sin nest største sjø og ligg vest i landet.
Nabolandet i nord er Libya, i aust ligg Sudan, i sør ligg Den sentralafrikanske republikken og i vest ligg Niger, Nigeria og Kamerun. Det siste landet har felles grense mot Tsjadsjøen, som ligg akkurat på grensa mellom dei to landa.
Langsmed den same grensa mot Kamerun ligg òg Tsjad sin hovudstad
Klima [endre]
Den nordlege delen av landet, Saharaørkenen får praktisk talt ingen nedbør, og klimaet er varmt året rundt med mykje sol. Den sørlege halvdelen av landet, om lag sør for 15 ºN, er ein del av Sahelområdet med regntid frå mai til september. N'Djamena i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 754 mm.
Økonomi [endre]
Landet sin økonomi er jordbruksbasert, og lite utvikla. 80 % av befolkninga lev av primitivt jordbruk og på fedrift.
Eit konsortium leia av to amerikanske føretak byrja i 2000 å bygge ut eit stort oljefelt, og til og med byggje ein røyrleidning til omverda. Det vert beregna at Tsjad har oljereservar på cirka 1 milliard tønner.
Folkesetnad [endre]
Det finst meir enn 200 etniske grupper i landet. I nord og aust er ein hovudsakleg muslimar, i sør kristne eller animistar. Ved sida av fransk og arabisk vert det snakka om lag 100 stammespråk i landet. Den gjennomsnittlege levealderen ligg på 49 år. 48 % av befolkninga er lesekyndige.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Ekvatorial-Guinea · Gabon · Kamerun · Den demokratiske republikken Kongo · Kongo-Brazzaville · Den sentralafrikanske republikken · Tsjad |
|
|
|
|---|---|
| Algerie · Angola · Benin · Botswana · Burkina Faso · Burundi · Djibouti · Egypt · Ekvatorial-Guinea · Elfenbeinskysten · Eritrea · Etiopia · Gabon · Gambia · Ghana · Guinea · Guinea-Bissau · Kamerun · Kapp Verde · Kenya · Komorane · Den demokratiske republikken Kongo · Kongo-Brazzaville · Lesotho · Liberia · Libya · Madagaskar · Malawi · Mali · Mauritania · Mauritius · Mosambik · Namibia · Niger · Nigeria · Rwanda · São Tomé og Príncipe · Senegal · Den sentralafrikanske republikken · Seychellane · Sierra Leone · Somalia · Sudan · Swaziland · Sør-Afrika · Sør-Sudan · Tanzania · Tsjad · Togo · Tunisia · Uganda · Den sahrawiske arabiske demokratiske republikken · Zambia · Zimbabwe |
