Tsjagansjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjagan
Koordinatar 49°56′07″N 79°00′32″EKoordinatar: 49°56′07″N 79°00′32″E
Tilknytte land Kasakhstan
Største lengde 408 m
Vassvolum 0,01 km³

Tsjagansjøen (eller Balapan) er ein innsjø i Kasakhstan som vart danna etter atomprøvesprenginga som vart utført her av Sovjetunionen den 15. januar 1965. Han inneheld om lag 0,01 km² vatn.

Elva Tsjagan rann forbi eine enden av Semiplatinsk teststad og prøvesprenginga vart vald slik at krateret ville demme opp elva. Resultatet var ein krater med diameter på 408 meter og eit djup på rundt 100 meter.

Prøvespreninga[endre | endre wikiteksten]

Tsjagan var ei sovjetisk atomprøvesprenging under det sovjetiske atomprogrammet og var den kraftigaste testen i atomeksplosjonar for nasjonal økonomi-serien. Han var ein undergrunnstest som vart utført 15. januar 1965 med ei kraft som tilsvara 140 000 tonn TNT. Sidan testen vart utført under jordoverflata braut ikkje russarane den delvise prøvestansavtalen, men SN klaga likevel til russarane.

I 2006 var området framleis radioaktivt og innsjøen vert stundom kalla «Atomsjøen». Stein og berg rundt krateret vart smelta til ein glasaktig substans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]