Tsjatyr-Dag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det øvre platået.

Tsjatyr-Dag (krimtatarisk Çatır Dağ, ukrainsk Чатир-Даг, russisk Чатыр-Даг) er eit fjellmassiv på Krimhalvøya, nær hovudvegen mellom Simferopol og Alusjta. På krimtatarisk tyder çatır telt og dağ tyder fjell.

Fjellet består av to platå: Det nedre i nord og det øvre i sør. Det nedre platået heller slakt ned på nordsida og er dekt av steppegras. På sørsida av er platået dekt av bøkeskog og einebærbusk. Det er mange stigar og fleire vakre grotter i fjellet.

Somme grotter i Tsjatyrdag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 44°44′N 34°18′E