Tsjeboksary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjeboksary
Чебоксары
Byåpenet til Tsjeboksary
Byvåpenet til Tsjeboksary


Plassering
Tsjeboksary is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tsjuvasjia
Først nemnd i
Bystatus
1469
1781
Borgarmeister Nikolaj Jemeljanov
Geografi
Flatevidd
 - By

232 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

441 300
  1 902,2 /km²
Koordinatar 56°8′″N 47°15′″EKoordinatar: 56°8′″N 47°15′″E
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 428000–428038
Retningsnummer (tlf) (+7)8352
Bilnummer 21, 121
Nettstad: www.cheb.ru

Tsjeboksary (tsjuvansk Шупашкар - Sjupasjkar, russisk Чебоксары) er den største byen og hovudstad i republikken Tsjuvasjia i Russland. Byen har om lag 440 000 innbyggjarar (2007), men berre om lag seks kilometer lenger aust ligg drabantbyen Novotsjeboksarsk med om lag 125 000 innbyggjarar (2002).

Tsjeboksary ligg langs breidda av Volga og er ein viktig hamneby. I tillegg har byen tekstil-, næringsmiddel- og traktorfabrikkar.

Området ved golfen i Tsjeboksary.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tsjeboksary vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1469, då russiske soldatar passerte gjennom byen på veg til Kazan-khanatet. I følgje arkeologiske utgravingar har området truleg vore busett lang tidlegare. Her låg den bulgarske byen Veda Suvar, som dukka opp etter mongolane erobra store volga-bulgarske byar på 1200-talet. I khanat-perioden meiner enkelte historikarar at byen hadde eit det tyrkiske namnet Çabaqsar og at det noverande russiske namnet er ei form av dette. På kart frå europeiske reisande vart han derimot oppført som Cibocar (Pizzigano, 1367), Veda-Suar (Fra Mauro, 1459). Sjupasjkar, det tsjuvasjiske namnet tyder «festning».

I 1555 bygde russarane ei festning og oppretta ein busetnad her. I 1625 var det 458 soldatar innkvarert i Tsjeboksary, og i 1646 var det 661 menn som budde i busetnaden. Mot slutten av 1600-talet vart Tsjeboksary rekna som ein stor handelsby i Volga-området og i 1781 fekk han bystatus i Kazan-provinsen. På byrjinga av 1800-talet hadde byen om lag 5500 innbyggjarar, eit sagbruk og fleire små fabrikkar.

Tsjeboksary var kjend for dei 25 kyrkjene og fire klostera sine, og Tsjeboksary-bjøllene vart kjende i både London og Paris.

På 1500-talet og første halvdel av 1600-talet vart Vvedenskij-katedralen, fire kloster og åtte kyrkjer bygde, og på 1700-talet kom skattkammeret og arkivet i stein, magistratsbygning, tinghus og ti kyrkjer. I 1880 stod det 783 hus (33 av dei i stein), 91 butikkar, tre skular, to sjukehus og ein bank i Tsjeboksary.

På byrjinga av 1900-talet levde det 5100 menneske i Tsjeboksary, men i 1965 hadde talet auka til 163 000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Cheboksary frå Wikivoyage