Tsjeburasjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
1988 CPA 5917.jpg

Tsjeburasjka (russisk Чебурашка) er ein figur frå eit eventyr av den russiske forfattaren Eduard Uspenskij (Эдуард Успенский) som seinare vart til ein langtlevande animasjonsserie.

Han budde visst i regnskogen fram til han ein dag snubla over ei kasse med appelsiner som han somna i og dermed vart sendt til storbyen. Namnet fekk han då ein overraska butikkeigar såg at han ramla ut av kassa og er teke av stammen til eit då forelda russisk ord som tyder å snuble.

Det vart i 2006 kunngjort at TV Tokyo broadband hadde kjøpt opp rettigheitene til å lage ein spelefilm med figuren.