Tsjekhov i Moskva oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjekhov
Чехов
Byvåpenet til Tsjekhov
Byvåpenet til Tsjekhov


Plassering
Tsjekhov i Moskva oblast is located in Russland
Tsjekhov i Moskva oblast is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Først nemnt på
Bystatus
1700-talet
1954
Borgarmeister Vladimir Steperenkov
Geografi
Flatevidd
 - By

14 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

73 580
  5 255,7 /km²
Koordinatar 55°09′00″N 37°29′00″EKoordinatar: 55°09′00″N 37°29′00″E
Høgd over havet 170 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14230x
Retningsnummer (tlf) (+7)49672
Nettstad: www.chekhov-city.ru

Tsjekhov (russisk Че́хов) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sør for Moskva.

Byen oppstod som ein handelsbusetnad på 1700-talet. Mellom 1920 og 1954 skifta busetnaden namn fleire gonger. Før 1920 heitte han Lopasnja (russisk Лопасня) (etter elva Lopasnja), mellom 1920 og1936 Tsjornoje Ozero (russisk Чёрное Озеро) og frå 1936-1954 igjen Lopasnja. I 1954 fekk busetnaden bystatus og det noverande namnet sitt, til ære for den russiske forfattaren Anton Tsjekhov. Femten kilometer frå Tsjekhov, i landsbyen Melikhovo, ligg eit Anton Tsjekhov-museum.

Tsjekhov jernbanestasjon

I utkanten av Tsjekhov ligg Davidov-klosteret, etter sigande det rikaste klosteret i Russland. Det inneheld mange kyrkjer frå 1600- og 1700-talet.

Nær Tsjekhov ligg krigshovudkvarteret til Russland sin generalstab, gravlagd djupt under bakken,[1] og truleg direkte knytt til Kreml via ein undergrunnsbane– Moskva Metro 2, drive av den russiske føderale tryggleikstenesta(FSB).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Globalsecurity.org, Chekhov
  2. Google Earth community Begge desse kjeldene baserer seg på det amerikanske forsvarsdepartementet sin «Soviet Military Power».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjekhov