Tsjekkisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Tsjekkia
Satellittbilete

Tsjekkia ligg plassert midt i Sentral-Europa, og grensar til Austerrike i sør, Tyskland i aust og nordaust, Polen i nord og nordvest og Slovakia i søraust. Landet har eit variert landskap, og er hovudsakleg delt inn i dei to områda Böhmen og Mähren. Böhmen i vest er eit område som vert drenert av elvene Labe (Elbe på tysk) og Vltava (Moldau på tysk), og er omringa av stort sett låge fjell som Sudetane. Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og vert hovudsakleg drenert av elva Morava, men elva Odra (Oder på tysk) har òg sitt utspring her. Vatnet frå Tsjekkia renn ut i tre forskjellige hav: Nordsjøen (Elbe), Austersjøen (Oder) og Svartehavet (Morava via Donau).

Tsjekkia har òg ein 30 000 m² eksklave midt i hamna til Hamburg i Tyskland. Denne vart gjeve til Tsjekkoslovakia av Artikkel 364 i Versaillestraktaten for å gje landet, som er omgjeve av land, ein stad å transportere varer ned elvene og vidare ut på havgåande skip. Dette området vert gjeve tilbake til Tyskland i 2018.

Geografiske koordinatar: 49°45′N 15°30′EKoordinatar: 49°45′N 15°30′E

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fjellområda som krinsar det meste av Tsjekkia, skjermar landet ein god del frå vinterkulda frå Russland i aust. Likevel er landet forholdsvis kaldt på vinterstid, særleg i dei høgareliggande områda. Nedbøren fell stort sett som snø frå november til mars, og av og til både tidlegare på hausten og seinare på våren. Snødekket gjennom vinteren vil derimot kome og gå litt oftare enn t.d. i sentrale område av Polen. Om våren vert det raskt varmare, og i mai byrjar det å bli gode temperaturar på ettermiddagen. Vêret om sommaren er ofte avhengig av kvar ein er i forhold til fjella. Det utviklar seg ganske ofte torevêr nær fjella som så flyttar seg austover og gjev kraftige regnbyger enkelte stader, medan andre stader får tørt og fint vêr. I det store og heile er det derimot mykje sol om sommaren dei fleste stader. Ofte strøymer lufta ned fjellsida mot Brno, og det gjev temperaturar som i snitt er 4 °C høgare enn Praha om sommaren. Innimellom kan hetebølgjer drive temperaturane over 30 °C, og dei fleste stader har temperaturmaksimum over 35 °C. Når lufta stabiliserar seg på hausten, kan ein ofte få lengre periodar med klårt og roleg vêr i fleire dagar på rad.

Praha i vest har ein årleg nedbørsnormal på 411 mm, medan Brno har ein normal på 546 mm.

Areal og landegrenser[endre | endre wikiteksten]

totalt: 78 866 km²
land: 77 276 km²
vatn: 1 590 km²

Landegrenser: totalt: 1 881 km
grenseland: Austerrike 362 km, Tyskland 646 km, Polen 658 km, Slovakia 215 km

Kystlinje: 0 km (omgjeve av land)

Maritime krav: Ingen

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Nord: Severní, del av Lobendava i Ústí nad Labem (51°03′20″N 14°18′53″E)
Sør: Studánky, del av Vyšší Brod i Sør-Böhmen (48°33′09″N 14°19′59″E)
Vest: Krásná nær i Karlovy Vary (50°15′07″N 12°05′29″E)
Aust: Bukovec i Mähren-Schlesien (49°33′01″N 18°51′32″E)

lågaste punkt: Elbe 115 m
høgaste punkt: Sněžka 1 602 m

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: Steinkol, flammekol, kaolin, leire, grafitt, tømmer

Arealbruk: dyrkande land: 41 %
permanente avlingar: 2 %
permanente jorde: 11 %
skogområde: 34 %
anna: 12 % (1993 est.)

Irrigert land: 240 km² (1993 est.)

Naturfarar: Flaum

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktis-avtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, Kyoto-avtalen, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde
signert, men ikkje stadfesta: Luftforureining (persistent organisk stoff), Miljøvernsprotokoll for Antartktis.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]