Tsjekkoslovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åtvaring: Verdi ikkje spesifisert for "kortnamn"
Československo
Tidlegare land
Flag of Austria-Hungary (1869-1918).svg
19181992 Flag of the Czech Republic.svg
 
Flag of Slovakia.svg
 
Flag of Ukrainian SSR (1937-1949).svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Tsjekkoslovakia før og etter 2. verdskrig
Hovudstad Praha
Språk Tsjekkisk og slovakisk
Religion Ingen offisiell
Styreform Republikk
President
 - 1918-1935 Tomáš G. Masaryk (første)
 - 1989-1992 Václav Havel (siste)
 - 1935-1938, 1945-1948 Edvard Beneš
Statsminister
 - 1918-1919 Karel Kramář
 - 1992 Jan Stráský
Historie
 - Uavhengig frå Austerrike-Ungarn 28. oktober 1918
 - Tysk okkupasjon 1939
 - Frigjøring 1945
 - Oppløysinga av Tsjekkoslovakia 31. desember 1992
Areal
 - 1921 140 446 km²
 - 1993 127 900 km²
Innbyggjarar
 - 1921 est. 13 607 385 
     Folketettleik 96,9 /km² 
 - 1993 est. 15 600 000 
     Folketettleik 122 /km² 
Valuta Tsjekkoslovakisk koruna
I dag ein del av Tsjekkia og Slovakia
Åtvaring: Verdi ikkje spesifisert for "kortnamn"

Tsjekkoslovakia var ein stat i Europa som vart oppretta den 28. oktober 1918 av Tomáš Garrigue Masaryk som ein konsekvens av den fyrste verdskrigen. Tsjekkoslovakia vart oppretta på landområde frå det tidlegare keisarriket Austerrike-Ungarn. Det dreidde seg om dei historiske austerrikske landskapa Bøhmen og Mähren, i tillegg til ein liten del av Schlesien. Frå Ungarn kom området som utgjer Slovakia etter 1993. Dei sudettyske områda av Bøhmen, der det budde mest tyskarar, ynskte å vera ein del av Austerrike. Tsjekkoslovakiske styrkar marsjerte inn i området i 1918. I 1938 vart dei sudettyske områda innlemma i Tyskland som fylgje av Münchenavtala. Mykje av det tsjekkiske forsvaret var bygd opp i området, så Tyskland kunne seinare lett ta resten av landet. Frå 1939 til slutten av den andre verdskrigen utgjorde den historisk austerrikske delen av området det tyske protektoratet Böhmen og Mähren. Slovakia vart gjort til ein eigen stat. I 1945 vart Tsjekkoslovakia gjenoppretta under kontroll av Sovjetunionen. I 1968 vart Tsjekkoslovakia invadert av Sovjetunionen, DDR og Folkerepublikken Polen, etter at landet hadde lagt seg på ein politisk reformkurs.

I den såkalla fløyelsrevolusjonen 16. november-29. desember 1989 vart det kommunistiske styret forkasta, og Václav Havel vart innsett som president. Tsjekkoslovakia vart seinare oppløyst, og 1. januar 1993 inndelt i den nye staten Tsjekkia og det gjenoppretta Slovakia. Delinga av Tsjekkoslovakia er ofte vorte kalla ei «fredeleg skilsmisse», på grunn av at begge partar var samde om delinga.

Hovudstaden i Tsjekkoslovakia var Praha og mynteininga var tsjekkoslovakisk koruna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]