Tsjerepovets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjerepovets
Череповец
Flyfoto av Tsjerepovets
Flyfoto av Tsjerepovets
Flagget til Tsjerepovets Byvåpenet til Tsjerepovets
Flagget til Tsjerepovets Byvåpenet til Tsjerepovets


Plassering
Tsjerepovets is located in Russland
Tsjerepovets is located in Vologda oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Grunnlagd
Bystatus
1777
1777
Borgarmeister Oleg Kuvsjinnikov
Geografi
Flatevidd
 - By

121 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

307 800
  2 543,8 /km²
Koordinatar 59°08′0″N 37°54′0″EKoordinatar: 59°08′0″N 37°54′0″E
Høgd over havet 130 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 162600–162627
Retningsnummer (tlf) (+7)8202
Nettstad: www.cherinfo.ru

Tsjerepovets (russisk Черепове́ц) er den største byen i Vologda oblast i Russland. Han ligg ved breidda av Rybinsk-reservoaret i Volga, nær det sørlege endepunktet på Volga-Austersjø-kanalen. I 2007 hadde han nesten 310 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1360 vart det oppretta eit kloster i åsane ved elva Sjeksna og landsbyen Fedosjevo voks fram rundt det. Historikarar ser denne landsbyen som hjartet i dagens Tsjerepovets. Byen fekk offisiell bystatus i 1777 etter ordre frå Katarina den store. Ved bygginga av Mariinskkanal-systemet vart Tsjerepovets, som ligg ved Volga, knytt til Austersjøen. Under den andre verdskrigen vart fleire store fangeleirar oppretta i området og rundt 30 000 menneske døydde i desse leirane.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Tsjerepovets er den viktigaste industribyen i regionen. Her er mellom anna jernverk, stålfabrikkar (til dømes Severstal), store skipsverft og kjemiske bedrifter. Kolbehovet til metallindustrien i byen vert dekt av gruver i Vorkuta og jernmalmen kjem frå gruver på Kolahalvøya. I tillegg er det sagbruk i byen, som handsamar tømmer frå skogane rundt byen. Byen vert betjent av Tsjerepovets lufthamn, som ligg 18 km nord for byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Tsjerepovets ligg eit statleg universitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjerepovets

Kjelder[endre | endre wikiteksten]