Tsjernihiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tsjernigov)
Tsjernihiv
ukrainsk Чернігів, russisk Чернигов, Tsjernigov
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Tsjernihiv oblast
Koordinatar 51°30′0″N 31°18′0″E / 51.50000°N 31.30000°E / 51.50000; 31.30000
Areal 79 km²
Folketal 300 500  (2005)
Folketettleik 3 804 / km²
Først nemnd 907
Borgarmeister Oleksandr Sokolov
Postnummer 14000-
Retningsnummer + 380 462
Kart
Tsjernihiv
51°29′38″N 31°17′41″E / 51.493888888889°N 31.294722222222°E / 51.493888888889; 31.294722222222
Wikimedia Commons: Chernihiv
Nettstad: www.chernigiv-rada.gov.ua

Tsjernihiv (ukrainsk Чернігів) eller Tsjernigov (russisk Черни́гов) er ein historisk by nord i Ukraina. Han er det administrative senteret i Tsjernihiv oblast (provins) og for den omliggande Tsjernihivskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 300 000 innbyggjarar (2006).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frelsarkatedralen i Tsjernihiv (1030-åra) er den eldste i Ukraina.

Tsjernihiv var først nemnd i Rus-Austromarriket-avtalen i 907 (som Черниговъ), men kva tid han vart grunnlagd er ikkje kjend. Arkeologiske utgravingar har gjort funn etter khazariske Khaganat og ser ut til å ha eksistert på 800-talet.

Byen låg sør i Kiev-riket og var den nest mest velståande og viktigaste byen i riket.[1] Frå tidleg på 1000-talet var han sete for det mektige Storfyrstedømet Tsjernigov, og herskarane her kjempa om makt storfyrstane i Kiev Storfyrstedømet var det største i Kiev-riket. Byen hadde då kring 25 000 innbyggjarar og gullalderen vart fram til 1239 då han vart plyndra av hordane til Batu Khan, som starta ein lang periode i skuggen.

Området kom inn under Storhertugdømet Litauen i 1353. Byen vart igjen brend av Meñli I Giray frå Krim-khanatet i 1482 og 1497 og frå 1400- til 1600-talet skifta byen hender fleire gonger mellom Litauen, Storhertugdømet Moskva (1408–1420 og frå 1503) og Det polsk-litauiske samveldet (1618–1648), der han fekk Magdeburgrettar i 1623 og i 1635 vart han setet i Tsjernihiv voivodskap. Området vart meir viktig på midten av 1600-talet under og etter Khmelnytskyj-oppstanden. I Hetman-staten Tsjernihiv var byen ein base for eit kosakkregiment.

I 1667 vart byen avstått til Tsar-Russland og Tsjernihiv vart verande eit viktig senter for det autonome Kosakk-hetmanatet. Då hetmanatet vart nedlagd vart byen eit vanleg administrativt senter i Det russiske imperiet for det lokale området.

I folketeljinga hadde byen 27 000 innbyggjarar og av dette kring 11 000 jødar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nasledie Svyatoy Rusi URL accessed on januar 12, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tsjernihiv