Tsjernihiv
| Tsjernihiv | |||
| ukrainsk Чернігів, russisk Чернигов, Tsjernigov | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Tsjernihiv oblast | ||
| koordinatar | |||
| Areal | 79 km² | ||
| Folketal | 300 500 (2005) | ||
| Tettleik | 3 804 / km² | ||
| Først nemnd | 907 | ||
| borgarmeister | Oleksandr Sokolov | ||
| Postnummer | 14000- | ||
| Retningsnummer | + 380 462 | ||
| Nettstad: www.chernigiv-rada.gov.ua | |||
Tsjernihiv (ukrainsk Чернігів) eller Tsjernigov (russisk Черни́гов) er ein historisk by nord i Ukraina. Han er det administrative senteret i Tsjernihiv oblast (provins), samt den omliggande Tsjernihivskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 300 000 innbyggjarar (2006).
Historie [endre]
Tsjernihiv var først nemnd i Rus-Austromarriket-avtalen i 907 (som Черниговъ), men kva tid han vart grunnlagd er ikkje kjend. Arkeologiske utgravingar har gjort funn etter khazariske Khaganat og ser ut til å ha eksistert på 800-talet.
Byen låg sør i Kiev-riket og var den nest mest velståande og viktigaste byen i riket.[1] Frå tidleg på 1000-talet var han sete for det mektige Storfyrstedømet Tsjernigov, og herskarane her kjempa om makt storfyrstane i Kiev Storfyrstedømet var det største i Kiev-riket. Byen hadde då kring 25 000 innbyggjarar og gullalderen vart fram til 1239 då han vart plyndra av hordane til Batu Khan, som starta ein lang periode i skuggen.
Området kom inn under Storhertugdømet Litauen i 1353. Byen vart igjen brend av Meñli I Giray frå Krim-khanatet i 1482 og 1497 og frå 1400- til 1600-talet skifta byen hender fleire gonger mellom Litauen, Storhertugdømet Moskva (1408–1420 og frå 1503) og Det polsk-litauiske samveldet (1618–1648), der han fekk Magdeburgrettar i 1623 og i 1635 vart han setet i Tsjernihiv voivodskap. Området vart meir viktig på midten av 1600-talet under og etter Khmelnytskyj-opprøret. I Hetman-staten Tsjernihiv var byen ein base for eit kosakkregiment.
I 1667 vart byen avstått til Tsar-Russland og Tsjernihiv vart verande eit viktig senter for det autonome Kosakk-hetmanatet. Då hetmanatet vart nedlagd vart byen eit vanleg administrativt senter i Det russiske imperiet for det lokale området.
I folketeljinga hadde byen 27 000 innbyggjarar og av dette kring 11 000 jødar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Chernihiv» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nasledie Svyatoy Rusi URL accessed on januar 12, 2006
Bakgrunnsstoff [endre]
- Tsjernihiv byportal
- chernigiv-rada.gov.ua — Offisiell nettstad
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Tsjernihiv | ||
| Bakhmatsj · Bobrovytsia · Borzna · Horodnja · Itsjnja · Korjukivka · Mena · Nizjyn · Nosivka · Novhorod-Siverskyj · Oster · Pryluky · Semenivka · Sjtsjors | ||