Tsjernobylulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjernobyl atomkraftverk, reaktor4 i 2006.
Tsjernobyl atomkraftverk sett frå Prypjat i 2007

Tsjernobylulukka var resultatet av eit fatalt eksperiment som vart gjennomført ved reaktor nummer fire i kjernekraftverket i Tsjernobyl 26. april 1986 i Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk, i det som no er Ukraina.

Ulukka medførte at radioaktive stoff vart spreidde utover store delar av verda og førte til ei målbar auke i talet på kreftsjuke i mange land.

I dag er Tsjernobyl-reaktoren bygd inn i ein stor betongsarkofag. Alle reaktorar av same type er i dag modifiserte og skal vere mykje meir stabile[treng kjelde]. Ein tysk rapport om kjernekraftsikkerheit hevdar at det ikkje er fare for at ein liknande situasjon skal oppstå att[treng kjelde].

Tsjernobyl ligg i Kiev oblast i den nordlege delen av Ukraina. Mykje av dei nordlege områda av oblastet er radioaktivt forureina og eit sperreområde, Tsjernobylsonen, dekkjer eit stort område kring kraftverket.

Hendingsforløpet[endre | endre wikiteksten]

Skisse av reaktor 4 etter ulukka.

Leiinga ved atomkraftverket ville finna ut korleis ein kunne dra nytte av tregleiken i turbinane til å generera energi etter at reaktorane var stengde av. Difor sette dei dei automatiske naudstopp-mekanismane mellombels ut av drift.

Nedkøyringa av reaktoren hadde starta like etter midnatt 25. april 1986. Eit døgn seinare var det klart for å starte eksperimentet. Forutsetningane for eksperimentet var ikkje heilt på plass, mellom anna hadde operatøren vore nøydd til å fjerne kontrollstavar frå reaktoren for å nå ønskt effekt. Etter instruksen skulle det vere minst 30 kontrollstavar i reaktoren, 15 kontrollstavar var spesifisert som eit absolutt minimum. Sidan effekten hadde falle heilt ned mot 30 Mw(th) (Megawatt termisk), fjerna operatøren kontrollstavar for å få opp effekten. Han lukkast med å stabilisere effekten på 200 Mw(th), men då var det berre 6 eller 8 kontrollstavar attende.

  • Kl. 01.23,04 26. april, lokal tid, starta operatøren eksperimentet ved å stengje naudreguleringsventilane.
  • Kl. 01.23,40 såg operatøren at effekten auka tiltakande, og han trykte inn reaktorstoppknappen.
  • Sidan talet på kontrollstavar var så lågt, greidde han ikkje stanse effektauken. Reaktoren byrja riste, operatøren greidde ikkje køyre inn kontrollstavane, og reaktoren kom heilt ut av kontroll.
  • På ti sekund steig effekten til 300 000 Mw(th). Den kolossale effektauken resulterte i ein dampeksplosjon som øydela reaktoren, og løfta den tusen tonn tunge betongskjermen over reaktoren.
  • No låg reaktoren open, han vart fylt med luft, og 3 sekund seinare kom det ein ny, endå kraftigare eksplosjon. Etter eksplosjonen stod flammane 30 meter til vêrs over den øydelagde reaktoren.

To menneske omkom i eksplosjonen.

Redningsarbeidet[endre | endre wikiteksten]

Kart over radioaktivt nedfall av cesium 137 i Kviterussland, Ukarina og Russland i 1996: ██ Lukka sone (meir enn 40 curie per kvadratkilometer (ci/km²) av cesium 137)
██ Permanent kontrollsone (15 til 40 ci/km² av cesium 137)
██ Periodisk kontrollsone (5 til 15 ci/km² av cesium 137)
██ Svakt kontaminert sone (1 til 15 ci/km² av cesium 137).

Straks etter eksplosjonen starta redningsarbeidet for å stoppe spreiinga av fisjonsprodukt og for å kjøle ned reaktorkjernen. I arbeidet bruka dei helikopter og dekte reaktoren med meir enn 4 000 tonn sand, bly, leire og borsaltar.

  • 27. april starta arbeidet med å evakuere 25 000 menneske som budde innanfor ein radius av ti kilometer rundt reaktoren.
  • 2. mai evakuerte dei ytterlegare 135 000 menneske, innanfor ein radius av 30 kilometer frå reaktoren.

Det offisielle talet på døde etter ulykka er 31 menneske, medan D. Marples set talet på døde fram til 1990 til minst 5000 [1]. I ein rapport utarbeidd av Greenpeace i 2006 vert talet på dei som har døydd av kreft i Kviterussland, Russland og Ukraina i perioden 1990 til 2004 sett til 93.000 og det totale talet på døde til rundt 200.000 [2].

  • Det strøymde ut radioaktivitet heilt til 5. mai.
  • 13. mai var utsleppa nede på eit minimum.

Tsjernobylulukka i Noreg[endre | endre wikiteksten]

28. april varsla svenske Statens strålskyddsinspektion om at dei hadde målt unormale strålenivå i Sverige, og at dei frykta at det hadde vore ei alvorleg reaktorulukke i Sovjetunionen. På ettermiddagen målte dei høgare stråling enn normalt over Kjeller i Akershus. På kvelden 28. april innrømte sovjetiske styresmakter at det hadde vore eit uhell ved Tsjernobylkraftverket, og 30. april sende telegrambyrået Tass ut pressemelding med detaljar om ulykka.

I dagane som følgde fall det ned store mengder radioaktivt nedfall over Noreg. Rundt 10. mai kom det ei ny bølgje med nedfall. Det største nedfallet kom aust for Langfjella i Oppland, i indre Nord-Trøndelag, på indre Helgeland og på kysten av Sør-Helgeland[treng kjelde].

Det vart identifisert nedfall av radioaktivt zirkonium, niob, molybden, ruthenium, jod, tellur, cesium, barium, lantan, cerium og neptunium[treng kjelde]. 131-Iod-isotopen har i naturen ei halveringstid på åtte døgn, 144-cerium ei halveringstid på ni månader og 137-vesium ei halveringstid på 30 år[treng kjelde].

Noko av det radioaktive nedfallet kan ha blitt vaska ut, men mykje bind seg til jordsmonnet og vert teke opp av vegetasjonen, for sidan å bli tatt opp av planteetarar. Mange av plantane vert brotne ned av sopp. Når dyra sidan et sopp, kan dei få i seg høge doser radioaktivitet. Den første tida vart det òg målt høge stråleverdiar i innlandsfisk[treng kjelde].

Tsjernobylulukka fekk store konsekvensar for Noreg sidan områda med størst nedfall er viktige som beiteområde for sau, geit og rein. Dette har gjeve problem for dei som lever av utmarksbasert landbruk. I tillegg er det tamreindrift i mange av fjellområda. Tsjernobululukka har derfor ramma den frå før utsette sør-samiske kulturen spesielt hardt.

I 1989 vart saltslikkesteinar tilsett berlinarblått, som bind cesium, tekne i bruk i beiteområda. Dette førte til at talet på sauer som måtte nedfôrast vart redusert frå 360 000 i 1988 til 109 000 i 1989[treng kjelde].

Så seint som i 2006 var det naudsynt med nedfôring i 37 kommunar i Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Mykje sopp i beiteområda i august og september, gjorde at det vart målt høge konsentrasjonar radioaktivt cesium i sau. Grenseverdien for radioaktivt cesium i sauekjøtt er 600 Bq(Becquerel) per kilogram. Det høgste innhaldet av cesium-137 som vart målt i sau hausten 2006 var 7000 Bq/kg[treng kjelde].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marples, D., The decade of despair, The Bulletin of Atomic Scientistc, mai/juni 1996, ss. 22-31.
  2. The Chernobyl catastrophe consequences on human healt, Greenpease, 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]