Tsjernyajevskijskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Tsjernyajevskijskogen på eit satellittbilete av Perm.
Tsjernyajevskijskogen

Tsjernyajevskijskogen (russisk Черня́евский лес) er ein skog i byen Perm i Russland. Skogen dekkjer eit område på 689,9 hektar[1].

Skogen består hovudsakleg av furu, sibirsk gran og sibirsk furu. Det finst òg bjørk, or og osp, medan andre tresortar som ikkje naturleg høyrer til her er vorte planta. Det er meir enn 50 planteartar i lysningane, hovudsakleg forskjellige typar gras. 14 av artane er sjeldne.

Skogen er rik på fugl, og tidlegare var det mykje ekorn og hare her, men i dag har menneske stort sett jaga desse bort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Состояние и охрана окружающей среды г. Перми в 2003 г. Справочно-информационные материалы / Муниципальное управление по экологии и природопользованию. Пермь, 2004 г. (PDF)