Tsjingiz Ajtmatov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjingiz Ajtmatov

kirgisisk Чыңгыз Айтматов (Çıňğız Aytmatov)
russisk Чингиз Торекулович Айтматов


Tsjingiz Ajtmatov i 2003
Statsborgarskap Sovjetunionen, Kirgisistan
Fødd 12. desember 1928
i Sjeker
Død

10. juni 2008 (79 år)
i Nürnberg

Yrke politikar, diplomat, journalist, omsetjar, romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar, skribent, prosaforfatter
Språk Kirgisisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Sjanger roman, kortroman, kortroman
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen, Sovjetunionens filmfotografunion
Far Torekul Aitmatov
Born Askar Aitmatov
Signatur
Tsjingiz Ajtmatov på Commons

Tsjingiz Ajtmatov (12. desember 192810. juni 2008) var ein kirgisisk forfattar, redaktør og diplomat. Han skreiv både på kirgisisk og russisk.

Ajtmatov var fødd inn i ein nomadefamilie, og opplevde som 9-åring at faren vart fengsla, dømd og avretta for «borgarlege avvik». Seinare slutta han seg sjølv til kommunistpartiet og hadde partiverv og -oppgåver. Han vart likevel rekna for å vere ein moderat kritikar, var ven av Mikhail Gorbatsjov og støtta sistnemnde sin perestrojkapolitikk.

Ajtmatov gav ut sine første forteljingar i 1952, medan han studerte til agronom. Ajtmatov var sekretær på kollektivbruk, journalist i Pravda, og redaktør for tidsskrifta Literaturnaja gazeta og Novyj mir. Med ein folkeleg poetisk forteljarstil syner Ajtmatov sin forfattarskap korleis lokal eigenart og nasjonale tradisjonar vert brotne ned i møte med krava til den nye tida, ofte i form av eit oppgjer med Stalinregimet sin brutale mangel på menneskelege omsyn, som også kan tolkast som eit åtak på eit vilkårleg og tankelaust sentralbyråkrati.

«Ajtmatov skrev fantastiske romaner om ung kjærlighet som "Dsjamilia" og "Tidlige traner", og var dessuten en slags kirgisisk variant av Mikkjel Fønhus med glitrende, men pessimistiske dyreskildringer. Han hadde ingen glødende tro på framskrittet [...] Hans beskrivelser av kollisjonene mellom nomadenes tradisjoner og kollektiviseringen har en utrolig litterær kraft.» Bjarne Botnen[1]

Ajtmatov var frå 1990 Kirgisistan sin ambassadør til EU, NATO, UNESCO og Benelux-landa, seinare også til Frankrike. Han var far til den kirgisiske utanriksministeren Askar Ajtmatov.

Han mottok Leninprisen i 1963, og vart Helt av sosialistisk innsats i 1978.

Bibliografi på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Den hvite dampbåten 1977
  • Og dagen varer lenger enn et århundre- 1983
  • Dsjamilja, en kjærlighetshistorie 1985
  • Gapestokken 1988
  • Tidlige traner : 2 kortromaner 1991
  • Dsjengis-khans hvite sky 1993
  • Utferd til Fujiyama : drama i 2 akter Det norske teatret, 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjarne Botnen i Vårt Land, 18.6.2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]