Tsjita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjita
Чита
Tschita0132.JPG
Byvåpenet til Tsjita
Byvåpenet til Tsjita


Plassering
Tsjita is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Zabajkalskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1653
1851
Borgarmeister Anatolij Mikhaljov
Geografi
Flatevidd
 - By

538 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

306 441
  569,6 /km²
Koordinatar 52°03′0″N 113°35′0″EKoordinatar: 52°03′0″N 113°35′0″E
Høgd over havet 650 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Postnummer 672000–672051
Retningsnummer (tlf) (+7) 3022
Nettstad: www.admin.chita.ru


Tsjita (russisk Чита) er ein by i Russland, i Sibir, og hovudstad i Zabajkalskij kraj. Han har like over 300 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Tsjita renn saman med elva Ingoda.

Jernbanestasjon i Tsjita i 1910

Den transsibirske jernbanen går gjennom Tsjita. Byen er eit viktig industrisenter. Her finst eit universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein landsby vart grunnlagd her i 1653. I 1706 vart det bygd ei festning her. Etter det mislykka dekabrist-opprøret i 1825 vart mange av dekabristane sende i fangenskap hit. Tsjita fekk bystatus i 1851. Etter den russiske revolusjonen var byen i hendene på kontrarevolusjonære kvitegardistar mellom 1918 og 1920. Sovjetisk kontroll vart etablert i 1920 og Tsjita vart hovudstad for den Fjernaustlege republikken fram til 1922. Frå 1937 var Tsjita senter for Tsjita oblast, frå 2008 for Zabajkalskij kraj. Frå 1930-talet til slutten av sovjet-tida var Tsjita ein lukka by for utlendingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjita

Tsjita by sin nettportal på russisk.