Tsjorna på Krimhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Munningen til Tsjornaja.

Tsjorna, Tsjornaja eller Tsjorhun (ukrainsk Чорна, Tsjorna, russisk Чёрная, krimtatarisk Çorğun),som på ukrainsk og russiske tyder Svartelva, er ei lita elv på Krimhalvøya i Ukraina. Ho er 34,5 km lang.

Tsjorna byrjar i Baydardalen nordaust for den vesle byen Rodnikivs'ke, og like vest for byen renn ho ut i eit reservoar. Frå her held ho fram vestover tilbyen Inkerman (Belokamensk) der ho munnar ut i Sevastopolbukta på sørvestkysten av halvøya.

Under Krimkrigen fann slaget ved Tsjornaja stad ved elva. Byen Inkerman var ein strategisk viktig stad under krigen og ligg ved breidda av elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 44°28′N 33°51′E