Tsjornohora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den nordlege delen av Tsjornohora med Hoverla

Tsjornohora (tyder Svartfjellet, ukrainsk Чорногора, polsk Czarnohora, ungarsk Feketebérc) er den høgaste fjellkjeda i Vest-Ukraina i Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane, som igjen er ein del av dei Ytre Aust-Karpatane.

Ho ligg ved sidan av Gorganyfjella. Den høgaste toppen i Tsjornohora er Hoverla (2062 moh) med andre høge toppar som Pop Ivan (2022 moh) og Petros (2020 moh). Fjella består av flysj.

Størstedelen av fjellrekkja dannar vasskiljet mellom elvane Prut og Tisza. Den nedre delen av Tsjornohora er busett av hutsular, som har gjeting som hovudnæring. Dei største turistsentera i Tsjornohora er Bystrets, Rakhiv, Verkhovyna, Vorokhta og Jasinia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]