Tsjulym i Novosibirsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjulym
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 17 900 km²
Lengd 392 km
Munning Malyje Tsjany
Kart
Tsjulym i Novosibirsk oblast
55°26′10″N 81°47′02″E / 55.436111111111°N 81.783888888889°E / 55.436111111111; 81.783888888889

Tsjulym (russisk Чулым) er ei elv i det endorheiske nedslagsfeltet til innsjøen Tsjany i Novosibirsk oblast i Russland. Elva er 392 km lang og har eit nedslagsfelt på 17 900 km².

Tsjulym oppstår av fleire tilløpselvar i myrområdet Tojskoje Zajmisjtsje (russisk: Тойское Займище) og Trosjinskoje Zaimisjtsje (russisk: Трошинское Займище) nord for Barabasteppene, rundt 100 km nordvest for Novosibirsk og 150 moh. Elva renn sørvestover Barabasteppene og renn gjennom innsjøane Sargul (russisk: Саргуль, 34,6 km²) og Urjum (russisk: Урюм, 84,1 km²) og munnar til slutt på 106 moh ut i innsjøen Malyje Tsjany (russisk: Малые Чаны – tyder Vesle Tsjany), som igjen er knytt til Tsjany gjennom eit kort sund.

I den nedre delen av elva er ho rundt 30 m brei og om lag 5 m djup. Dei viktigaste sideelvane er Suma frå venstre og Kargat (frå høgre.

Ved den øvre delen av elva ligg byen Tsjulym, som har fått namn frå elva. Her kryssar den transsibirske jarnvegen og hovudvegen M51.

Tsjulym er isdekt frå november til april/mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]