Tsjulym ved Ob
| Tsjulym | ||
| Munning | Ob | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 1799 km | |
| Middelvassføring | 785 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 134 000 km² | |
Tsjulym (russisk Чулым) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1799 km lang og har eit nedslagsfelt på 134 000 km². Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s.
Elva renn stille og sterkt meanderande gjennom mesteparten av lengda si. Medrekna kjeldeelva Belyj Ijus (Kvite Ijus) er ho 2 023 km lang.
Kjeldeelvane Belyj Ijus og Tsjornyj Ijus (Kvite og Svarte Ijus) har utspring sør i Sibir, i republikken Khakasia nordvest for byen Abakan, i dei opptil 2 211 m høge Kuznetsk Alatau-fjella. Ho renn først nordover gjennom Krasnojarsk kraj mot Atsjinsk, der ho kryssar traséen til den transsibirske jarnvegen. Ho svingar så mot vest og munnar ut i Ob ved landsbyen Ust-Tsjulym, ved .
Langs elva ligg byane Nazarovo, Atsjinsk og Asino.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tsjulym ved Ob» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2008.