Tskhinvali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tskhinvali
Andre namn georgisk ცხინვალი, ossetisk Цхинвал eller Чъреба, Tjreba, russisk Цхинвал(и), òg skrive Cchinvali eller Cxinvali med latinske bokstavar
Eit bilete av Tskinvali av D. Rudnev frå 1886
Eit bilete av Tskinvali av D. Rudnev frå 1886
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Innbyggjarar
 - By (I dag)

Om lag 20 000
Koordinatar 42°14′″N 43°58′″EKoordinatar: 42°14′″N 43°58′″E
Tidssone MSD (UTC+4)

Tskhinvali er hovudstaden i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som internasjonalt vert rekna som ein del av Georgia. I følgje Georgia si offisielle administrative inndeling høyrer Tskhinvali til regionen Sjida Kartli. Byen ligg ved elva Store Liakhvi, om lag 100 km nordvest for den georgiske hovudstaden Tbilisi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt byen har vore busett sidan bronsealderen.

Tskhinvali vart først nemnd i georgiske skriftlege kjelder i 1398 som ein landsby i Kartli (Sentral-Georgia), men seinare kjelder gjev den georgiske kongen Asphagur av Iberia frå 200-talet som grunnleggjaren då han bygde ei festning her. Tidleg på 1700-talet var Tskhinvali ein liten «kongeleg by» og var stort sett folkesett av munkar. Tskhinvali vart annektert av Det russiske keisardømet i lag med resten av Aust-Georgia i 1801. Byen låg langs handelsvegen frå Nord-Ossetia til Tbilisi og Gori, og byen utvikla seg gradvis til ein handslby med ei blanding av jødisk, georgisk, armensk og ossetisk folkesetnad.

Då Sovjetunionen tok over landet, etter at Georgia hadde hatt to år med sjølvstende frå 1918 til 1920, vart Tskhinvali hovudstad i det autonome oblastet Sør-Ossetia innanfor Georgisk SSR. Dermed vart byen stort sett ossetisk på grunn av kraftig urbanisering og den sovjetiske politikken med å flytte ossetiske folk frå nærliggande landsbyområde og inn i byen. Byen var i praksis eit industrisenter med sagbruk og fabrikkar. I følgje ei folketeljing i 1989 hadde byen 42 934, medan det i dag berre er om lag 20 000 att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tsotniahsvili, MM. History of Tskhinvali. Tskhinvali, 1986
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tskhinvali frå Engelsk Wikipedia .