Tuaregar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuaregane er kjende for sine indigofarga tekstilar og blei lenge kalla «det blå folket». Turbanen deira blir kalla tagelmust
Utbreiinga av tuaregane

Tuaregane er eit folk som lever i store delar av Nord-Afrika.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var tuaregene eit berbisk nomadefolk som utvandra frå det nordlege Afrika (truleg Libya) til Sahel-området400-talet e.Kr. Det opphavlege tuaregfolket har gjennom hundreåra blanda seg med andre afrikanske folkeslag, og i dag er det meir rimeleg å oppfatte tuaregane som ei språkgruppe enn som eit eige folk. Dei fleste tuaregar er muslimar.

Tuaregane kan vere etterkommarar av det folket den greske historikaren Herodotus kalla «garamantane», og som hadde eit kongedømme i dagens Ferran-område i Libya. Dette området heitte tidlegare Germa.

Tuaregane var tradisjonelt eit omvandrande gjetarfolk, men er no snarare eit folk med faste busettingar. Dei held kyr og geiter, dyr som har føresetnader for å livnære seg i det karrige landskapet rett sør for Sahara-ørkenen. Folk i dette området har av FN vore rekna blant dei fattigaste på jorda.

Alt i alt tel tuaregane om lag 1,25 millionar, av desse har om lag 700 000 tilhald i Niger, om lag 350 000 i Mali og om lag 140 000 i Burkina Faso. Resten, om lag 60 000, er stort sett fordelte på Algerie, Tunisia, Libya og Nigeria.

Tuaregspråk[endre | endre wikiteksten]

Det folket vi i dag kallar tuaregar, snakkar eit språk som blir kalla tamasheq, og som er ein av fem grunnleggande dialektar i den berbiske språkgruppa. Tamasheq har fire dialektar, ein nordleg og tre sørlege. Den nordlege blir tala av tuaregar i Algerie, Tunisia og Libya, mens dei sørlege blir tala av tuaregar i Mali, Niger, Burkina Faso og Nigeria. Skriftsystemet til tuaregane blir kalla tifinagh.

Ordet «tuareg» kan komme av den beduinske uttalen av det arabiske ordet «tawariq» (eintall tarqi), som tyder «forlaten av Gud». Tuaregane bruker ikkje ordet om seg sjølve, men kallar seg anten «imouhar/imuhagh/imashaghen» eller «kel tamasheq/tamajaq». Det førstnemnde tyder «dei frie», det sistnemnde «dei som taler tamasheq». Av og til kan ein også høyre tuaregar bli omtala som «tamust», som tyder «nasjonen».

Ørkenens gull[endre | endre wikiteksten]

Tuaregane er kjende for sine kamelkaravanar i Sahara-ørkenen.

Tuaregane er kjende for sine kamelkaravanar i Sahara-ørkenen, der dei i mange århundre har transportert «ørkenens gull» - salt - frå dei fjerne og utilgjengelege saltgruvene i Sahara til meir tilgjengelege handelssentra. Etniske tuaregar grunnla byen Timbuktu i Mali omkring år 1100 e.Kr. Byen blei eit slags senter for tuaregane sine saltkaravanar og for deira handel med gull og slavar. Enno i dag kan ein oppleve tuaregane sine saltkaravaner i Sahara.

Skikkar[endre | endre wikiteksten]

Jamvel om dei fleste tuaregar er muslimar, har dei halde på mange av skikkane og rituala frå førislamsk tid. Samfunnet er bygd opp hierarkisk. Det finst adelege og vasallar, tidlegare også slavar (iklan: ofte svarte afrikanarar dei hadde tatt til fange). Men denne tradisjonelle sosiale lagdelinga er i gradvis oppløysing. Slektskapssystemet er matrilineært.

Hos tuaregane er det mennene som bruker ansiktsslør (turban), noko som elles er svært framandt for islamsk sedvane. Det dreier seg om å dekke til munnen, ettersom kroppsopningar blir oppfatta som ureine, og om å verne seg mot vonde ånder, men like mykje om vern mot sterk vind og flygesand.

Kvinnene sine ansikt er ikkje tildekte, men i nærvære av menn av høg rang (t.d. svigerfaren) kan dei dekke til munnen med ein liten duk. Kvinnene nyt stor respekt og har nærmast full fridom til å gjere som dei vil.

Det blå folket[endre | endre wikiteksten]

Tuaregane er blitt kalla «det blå folket» fordi fargestoffet i dei tradisjonelle indigofarga klesdraktene deira smitta over på huda og farga ho blå. I dag blir den tradisjonelle indigofarga turbanen mest brukt ved spesielle høve, mens tuaregane til dagleg brukar klede i mange forskjellige fargar.

Tuaregopprøret[endre | endre wikiteksten]

Diktatur, tørke og hungersnaud førte i 1988 til at tuaregane i Mali gjorde masseopprør. Det leidde til at titusenvis av tuaregar måtte flykte frå landet i byrjinga av 1990-åra. Det blei slutta fred i 1996, og i 1997 var dei fleste flyktningane anten vendt tilbake eller i ferd med å gjere det. Eit nytt og demokratisk styre var då på plass, der både tuaregar og andre stammefolk hadde fått langt større medråderett. Men tørken og hungersnauda har halde fram på 2000-talet, noko som førte til at dei såkalla G8-landa i 2005 vedtok å ettergi utanlandsgjeld for ei rekkje av dei fattigaste landa i verda, m.a. Mali.

Kjende tuaregar[endre | endre wikiteksten]

Referansar og tilvisingar[endre | endre wikiteksten]